Arrangørane av Måløy Havfiskefestival har i år satsa stort på å vere ein festival for born. Det har dei lukkast godt med så langt.

- Det har vore veldig spennande, for på slike arrangement utan påmelding veit enn aldri kor mange som dukkar opp, men det har gått over all forventning. Vi er heilt overvelda seier dagleg leiar for Måløy Havfiskefestival, Sunniva Oldeide.

Den fekk namnet "Ulven" og alle som ville vere med, fekk lov å kaste vassballongar på båten under dåpen.

I dag, fredag, var tredje dagen av årets havfiskefestival, og i tillegg til NorgesCup-fiskekonkurransen som også har pågått dei to førre dagane og har siste dagen i morgon laurdag, vart det arrangert bedriftsfiskekonkurranse.