Publikum på Malakoff Rockfestival la igjen 8,4 millionar kroner til lokalt næringsliv under fjorårets festival.

– Vi er veldig glad for at talet er så høgt, smiler festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Brak, interesseorganisasjonen for det rytmiske miljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane, har utarbeidd ein rapport som tek for seg ringverknadene for festivalar på Vestlandet.

Undersøkingane til Brak viser at Malakoff-gjestane opnar lommeboka når festivalen sparkast i gong.

«Er betydeleg stort»

Publikum brukte cirka 12 millionar kroner under festivalen i fjor, av dette går i underkant av 8,4 millionar i hovudsak til serveringsstader og butikkar i nærleiken av festivalområdet.

Les også:

«Beløpet er betydeleg stort for ein liten tettstad som Eid», heiter det i rapporten.

– Det er viktig for oss at lokalt næringsliv tener på Malakoff. Samstundes må vi sitte igjen med ein sum for å kunne drifte vidare, seier Naustdal, som trur det er ein fin balanse mellom kjøp av varer på festivalområdet og i sentrum.

– Vi kan jo ikkje tilby gjestane alt dei treng, seier han.

Må finne rett balanse

Malakoff Rockfestival har hatt stigande popularitet, og kan vise til fleire publikumsrekordar. Naustdal trur nøkkelen er ein stor dose sjølvkritikk.

– Ting som ikkje fungerer er vi veldig misnøgde med, og så gjer vi det betre neste år. Vi har hatt eit bra produkt som er skreddarsydd. Og så har vi ein sabla bra festival, seier han og legg til at alt handlar om å lage den gode opplevinga.

Omsetninga i fjor var 14 millionar, eit tal som har vore stabilt dei siste åra.

– Det er ekstremt bra for å vere ein slik type festival. Men utgiftssida har også hatt same kurve, så vi har ikkje mykje pengar på bok. Vi brukar pengane til utvikling, men også til ungdomsarbeid og lokale arrangement.

I 2015 gjekk drifta i null. Same år gjorde dei fleire store investeringar, mellom anna ny festivalscene som er blant Norges største.

– Vi ser at inntektssida har byrja å nå taket. Utfordringa er å halde utgiftene nede, for vi ynskjer å vere ein festival som alle har moglegheit til å gå på prismessig. Då gjeld det å finne rett balanse mellom utgifter og inntekter.