Måløy Havfiskefestival rettar i år eit større fokus på miljø, kyst og læring gjennom aktivitetar for barn og unge.

– Det er mykje kunnskap som held på å døy vekk. Kysten og fiskeri er kanskje ikkje det som blir retta mest mot ungane elles, så då vil vi gjere det under Havfiskefestivalen, seier Sunniva Oldeide, som er nyvalt leiar for Måløy Havfiskefestival, og legg til:

– Det er norsk sjømat Måløy er bygd opp på, og då må vi både ete fisk og kunne å behandle den. Heile målet med Havfiskefestivalen er å formidle kulturen og tradisjonane vi har med oss frå tidlegare.

– Vi har hatt veldig godt samarbeid med havfiskemiljøet, det er jo dei som har fått spørsmål frå EFSA om å arrangere EM her til neste år, noko som er eit betydeleg kvalitetsstempel for den lokale havfiskeklubben. Difor vil vi prøve å hjelpe til med rekrutteringa og då må vi lære ungane å fiske, seier ho.

Havfiskefestivalen har i den pågåande planlegginga av årets arrangement lagt vekt på aktivitetar for barn.

– Vi ønskjer å skape liv både til sjøs og på land, og at barnefamiliar skal gå rundt å kose seg også i sentrum. Det er ein av grunnane til at vi får støtte og vi prøvar å gje det tilbake til ungane, fortel Oldeide.

Under festivalen blir det som tidlegare år fiskekonkurranse for barn.

Havets skattekiste, der ungane får lage sin eigen matpakke basert på sjømat, har lege brakk grunna kapasitetsproblem, men blir teke fram att i år. I tillegg blir det som tidlegare år akvarium og plaskedammar i torgområdet, og på søndagen blir det familiekonkurranse, der vaksne og ungar konkurrerer mot kvarandre om å få både størst og mest fisk.

– Vi satsar meir på miljø, kyst og læring i år. Miljøagentane kjem til årets festival for første gang. Miljøagentane, som er barnas eigen miljøvernorganisasjon, inviterer til natursti med fokus på hav og fisk og ein kan besøke standen for å sjølv bli miljøagent, fortel Oldeide.