Bryggeriet 7 Fjell, der bremangaren Jens Eikeset er dagleg leiar, får stor merksemd frå USA etter at dei bestemte seg for å la den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump pryde eit nytt produkt.

– Vi har fått mange spørsmål frå Amerika om korleis dei kan få tak i ølet, seier Eikeset til Nettavisen, som først omtalte saka.

– For oss som bryggeri, er dette vår einaste måte å uttale oss på. Det er ikkje like interessant om vi skriv noko om presidentvalet i USA på nettsidene våre, som når vi lagar eit produkt, forklarar bremangaren vidare.

Det har vore diskusjonar innad i bryggeriet om dei i det heile tatt skulle gjennomføre prosjektet.

– Det er ein viss risiko involvert i dette, men vi fann ut av vi måtte gjere det, seier Eikeset til Nettavisen.