Med eksteriør som eit  kyrkjebygg har den gamle kraftstasjonen i Svelgen stått uendra som eit monumentalbygg i 95 år.

Men aldri har den faktisk romma det sakrale før Svelgen Songlag inviterte til jubileumskonsert onsdag kveld.

Det svartkledde koret kom i sakte prosesjon frå fleire kantar medan dei framførde Hodie Christus natus Est som straks tok publikum tilbake til gregoriansk middelalder.

Starta adventstida

Kanskje for at nostalgien ikkje skulle ta overhand, og understreke optimismen i fornyinga, heldt koret fram med We shall overcome. Det firestemde koret med Jarle Grotle ved tangentane fekk nakkehåra til å reise seg under hjelmane. For HMS var ivaretatt med vernebriller, hjelmar og refleksvestar.

Linn Igland, Silje Dahle og finske Eliise Tuul var også henta fram som solistar.

Koret takka for seg med Andraé Crouchs My Tribute før publikum, etter langvarig applaus, iførte seg verneutstyret sitt og visste dei hadde vore med på noko særskilt.

– Det har vore ei svært spesiell oppleving å synge her. Tonane blir på ein måte lengre, og koret måtte synge litt saktare enn vanleg, seier Grete Berntzen.

Ho har vore dirigent for Svelgen Songlag i seks år, og leia koret til nye høgder.

– Vi bryner oss på stadig vanskelegare repertoar, og eg må seie eg er imponert over koret, seier Berntzen.

– Å komme på øving med Grete er som å vere med på eit stand-up-show. Det er så moro og vi har det så kjekt! Ein blir rett og slett i godt humør av å vere med i Svelgen Songlag, smiler Linn Igland.

Industrieventyret

I industribygda inst i Nordgulen er det ikkje vits i å klage på regn – sidan det er sjølve grunnlaget for det om lag 100 år gamle industrieventyret.

– Vatnet skulle temjast og straum skulle produserast, men kva ein skulle bruke straumen til var ikkje like klart. Første verdskrig opna for produksjon av karbid og cyanid og seinare sink. Men verdskrigen sin slutt sparka botnen ut av desse marknadane, fortalde kultursjef Espen Frøysland under konserten onsdag.

Men at det var dei same turbinane og aggregata som framleis er i drift, ville han kanskje ikkje trudd.

– Hallen vi no står i rommar to av dei lengst verksame turbinane og aggregata for produksjon av hydroelektrisk straum i verda, kunne Frøysland opplyse.

Kraftverket i Svelgen er eit svært spesielt bygg å sjå til, og slik var det fleire stadar – bygga måtte sjå standsmessige ut. Rundt omkring i Norge vart det reist bygg som såg ut som eventyrslott med tårn, bogar og store vindauge der elektrisk lys kunne flaume ut av på kvelds- og nattetid.

Arkitekt Leif Rustad laga fleire utkast med eit spesielt blikk for ein barokk stil som var litt meir ekstravagant enn det som vart resultatet i Svelgen.