Denne kronikken er skriven av Ingrid Elisabeth Haugen frå Svelgen. Kronikken stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 22. november:

Bremanger kommune fyller 150 år

I 1966 laga Bremanger kommune boka «Eit hundreårsskrift» på over 200 sider. Redaksjonsnemnd var Knut Frøyen, Mons Monsen og Edvard Hauge.

Den startar slik: «Bremanger kommune er skild ut frå den gamle Kinn kommune frå 1866». Ingen funne arkiv forklarar kvifor kommunane i utgangspunktet vart skilde.

Det første kommunestyret gjorde var å bestemme namnet – Bremanger.

Om dette står det i møteboka: «Dei som har sett Frøyskjera, fallgarden frå Mulen til Olderveggen og brota herfra og innmot Novene i nordvest–storm når storbåra rir på, vil ikkje vera i tvil om kvar namnet Bremanger skriv seg frå. Bak denne fallgarden ligg Bremanger og strekker seg frå dei skumkvite brota i vest til den blåkvite Ålfotbreen i aust».

Ein kommune i ingenmannsland

I følgje Hundreårsskriftet vart kommunen om lag ein byting.

Kommunen er framleis eit ingenmannsland mellom Nordfjord og Sunnfjord – eller kanskje heller noko heilt for seg sjølv.

I dag, som då, reknar ein den delen som ligg nord for Frøysjøen for Nordfjord (Oldeide, Berle, Ålfoten, Davik og Rugsund) og resten (Hauge, Kalvåg, Svelgen, Kjelkenes, Ytrehus og Indrehus) for Sunnfjord.

«Ein kan oppleva å høyra dei merkelegaste førestillingar om Bremanger. Mange trur visst at det berre er skumkvite brot, øyar og snaue fjell. Og det inntrykket kan vel dei få som reiser med rutebåten etter Frøysjøen, vår breie riksveg nr. 1. Ja, naturen er barsk i Bremanger, men her er òg lune vikar og idyllar ein må leita etter maken til. Ein må ut til side for verkeleg å sjå. Bak dei nakne fjella ein ser frå rutebåten ligg det store bygder og inst i Gulenfjorden ein liten industriby».

«Amtet» måtte inn i rentestrid

Sjølve delinga av Bremanger og Kinn gjekk ikkje berre lett føre seg, og sjølvsagt var det pengar som var rota til usemja.

Oppgjersnemnda (A. Øvrebotten, E. Fach, R. Indrehus og E. Nøttingnes – førenamn er ikkje nemnde) leverte framlegg til oppgjer i året 1879. Ordføraren i Kinn, Nøstdahl, protesterte og ville ha renter på 98 spesidalar.

Kommunestyremøta vart haldne i Smørhamn og frå 1875 på Kalvåg. Svært ofte måtte møta utsetjast og særskilt om vinteren. Representantane hadde vanskar med å komme seg av stad. Dei måtte komme i båt – med segl – og vêret sat naturleg nok ofte ein stoppar for dette.

Kommunen administrerte i hovudsak skule, kyrkje og fattigkasse. Innbyggarane vert i møtebøkene omtala som «almugen», og fattigkassa var ofte einaste løysing for «husmannsklassens trengsel på grund av misligt fiske».

Alkohol og «Lystighed»

Det som også var problematisk på den tida var alkoholkonsumet.

I 1884 innførte kommunen difor eigen skatt på «brendevin» og øl. Det var skjenkestadar i Smørhamn, på Holmen i Bremanger og i Kalvåg.

Mellom anna var kommunestyrerepresentanten, landhandlar Lexau, ein av dei som fekk ekstra alkoholskatt på 70 spesidalar (han gjekk frå som ugild i saka).

Forbudet kom også til å gjelde «hver Aften efter kl. 8 hele aaret».

Det omtala «fiskeriet» samla enormt med folk frå alle delar av kysten.

I 1867 fortel Fiskerioppsynet at det berre i Kalvåg var samla 1.300–1.400 garnlag og at det i Fjordane i alt deltok 3.800 garnlag med 19.000 mann og 18 notlag med 362 mann. Det var 519 losjifartøy og på sildeføring 915 fartøy. 2.500 mann var i arbeid i land med tilverking.

Det var såleis folksamt og trongt i hamnene. Ofte måtte fiskarane dra båtane sine i land og sove under kvelva farkostar med segl som seng.

På den tida var det femkeipingen som var vanleg fiskebåt her på våre trakter. Fiskarar frå andre stadar – spesielt omtala som «søringane» – kom med betre båtar, så det vart kamp om silda.

Presten ein viktig mann

Presten i Kalvåg vart ein viktig mann etter kommunedelinga. Ulrik Vilhelm Boyesen Koren (1830–1911) var frå Selje, men busett i Kalvåg.

Han vart første sokneprest i Bremanger prestegjeld etter at det vart skilt ut frå Kinn prestegjeld i 1864. Han var son av den kjende soknepresten Wilhelm Frimann Koren i Selje, og både Ulrik og ein presteutdanna bror fungerte ei tid som såkalla personellkapellanar i embetet til den aldrande faren i Selje.

Prestegardshuset står framleis, og det var i dette huset at kunstnaren Nikolai Astrup vart fødd i 1880.

I tida i Bremanger dreiv Koren sitt eige sildebruk. Han flytta frå Bremanger for å verte sokneprest i Sveio i 1873, og vart også seinare prost i Lista prosti.

1.000 brev frå Kalvåg på ein dag

Frå 1864 var det telegrafstasjon i Kalvåg under fiskeria og Fylkesbaatane frakta varer og post.

Sokneprest Koren skriv i si dagbok ein dag i 1887 at «det gikk over 1.000 brev med MS «Hornelen», som båten heitte.

Dei lokale fiskarane salta ofte silda sjølve, og før det hadde dei gjerne både henta virke, hogd stav til tønner og smidd tønnebanda sjølve.

På den tida var det ikkje lett å lokalisere sildestimen. Dei gjekk difor opp i fjellet for å sjå etter sildesyner. Det var mykje kval med sildestimane og kvalpusten synte godt i havranda. Deretter berekna dei kor innsiget kom og kvar vonene for fangst var best.

Det var korkje fyr eller seglmerke i lei eller på fiskefelta – og sjøkart eller kompass var ikkje tilgjengeleg. Somme gongar gjekk det gale, men oftast kom fiskarmennene vel heim.

Sjukestell var det uansett dårleg med. Først i 1903, då kommunehuset på Kalvåg vart bygd, var det sett av to rom til sjukepleie. Likevel ligg det mange alt for unge fedrar på kyrkjegardane i Bremanger.

Den første kyrkja vart bygd på Grotle og er nemnd allereie i 1345 i kyrkjejordbøkene til «Bjørgynjar Kalfskinn». Den vart bygd privat og grunneigaren hadde eigen prest.

Presten planta det første treet

I 1885 vart garden Frøyen utpeika som ny kyrkjestad.

Det var ein langvarig strid sidan Kjelkenes og Ryland også ville ha kyrkje. Men først var det Frøyen og sokneprest Koren førte dagbok som fortel om framgangen i arbeidet. Kyrkja kosta 7.000 spesidalar som svarar til 28.000 kroner. Pengane vart lånt med ei betalingstid på 40 år.

Soknepresten Koren fekk også planta tre som han henta på heimplassen sin i Selje. Før den tid fanst ikkje det ei buske av noko slag på øya Bremanger.

Seinare kom og gjekk prestane år for år. Christian Astrup var derimot sju år i Bremanger før han flytte til Jølster. Den kjende målaren Nikolai Astrup vart fødd på prestegarden i Bremanger 30. august 1880 som første born.

Første skule i Frøyen krins

I 1739 kom Kong Christian VI si «forordning om Skolerne på Landet». Målet var at «alle og enhver, end og de fattigste Børn over alt påå Landet kunde tilstrækkeligen undervises om Troens Grund samt Salighedens Vei, Orden og Middeler. Saa og i at læse, skrive og regne».

Det var biskopane og prestane som vart pålagde å skipe skular, syte for lærarar og at opplæring fann stad.

Det første skulehuset vart bygd i Frøyen krins og vart teke i bruk i 1863. Den årlege skuletida vart då utvida til 12 veker i året. Same år vart det oppretta 11 skulekrinsar; Grotle, Hauge, Dalen, Ryland, Novelandet, Frøyen, Nordgulen, Sørgulen, Midtgulen, Botnane og Husefest.

I tillegg vart det vedteke å skipe fire ekstraskular på «ensligt beliggende Gaarde»: Gåsøy, Nesje, Ånnevik, Rylandsholm og Vetvik.

Ordre nr. 1 til Citroën i Paris

Heilt ulikt resten av kommunen vart det i Svelgen satsa på industri.

Men for 150 år sidan var det jordbruk, skogbruk og fiske på dei einaste to gardane – Sande og Rise.

Og sidan vi er inne på jubileum starta det første anleggsarbeidet i Svelgen i 1917 – og kan såleis ha 100-årsfeiring neste år.

Overrettssakførar Kristian Faye (ståande) sikra seg vassrettane i Svelgen. Her med kona og stortingsmann Kristoffer Indrehus i 1917.

Generalforsamlinga vart halden 3. mars 1914 med ein aksjekapital på 180.000 kroner. Det var tre aksjehavarar; overrettssakførar Kristian Faye, skipsreiar Vilhelm Torkildsen – begge frå Bergen og konsul Hans Halvorsen frå Kristiania. Dei såg verdien av vasskrafta og det var sink som skulle produserast.

Arbeidet vart sett i gang i Breivika 1918. I november same år vart det slutt på første verdskrig og marknaden etterspurde ikkje sink lenger. Anleggsarbeidet vart stogga og det kom aldri nokon fabrikk i Breivika. Eit nyttig samarbeid med «Ålfot Interkommunale Kraftselskab» gjorde at industriplanane likevel ikkje vart lagt på is.

Optimismen vaks igjen og det kom anleggsfolk til Svelgen. Men samstundes herja spanskesjuka og mange låg låke på brakkene. Sjukestova vart bygd i ein fart, og den står framleis ved Riseelva i Svelgen i dag.

Christiania Spigerverk tok etter kvart over jernsmeltinga i Svelgen. Oppbygginga av verket med 15 tonns kaikran, tappehall, transformatorhus med smeltetransformator, sinterverk med omnshus, silo for råvarer, laboratorium og meir gjekk nokolunde programmessig og fekk ein kostnad på 1.4 millionar kroner.

Ordre nr. 1 var 10 tonn jern til Citroën i Paris. I dag er Elkem Bremanger i Svelgen leverandør til alle produserte iPhonar på verdsbasis.

«Kor ljos var vår framtid?»

Historia om Bremanger femner sjølvsagt om mykje meir enn det som her er omtala.

Til slutt må vi ta med Englandsfararane under krigen som på mange måtar syner det særmerkte ved innbyggarane i Bremanger.

M/b “Igland” var første Englandsbåt frå Bremanger.

Dei var dugande sjømenn og uredde ungdomar som på nær var oppvaksne i fiskebåtar. Likevel kan ein berre førestille seg påkjenninga det må ha vore å reise over til Shetland, Orknøyane og Skottland i til dels skrøpelege farkostar.

Alle kom velberga heim att. 116 menn og nokre kvinner frå Bremanger kommune risikerte alt under desse hasardiøse turane. Og det var ikkje av eventyrlyst. Som ein heimvend sa: «Kor ljos var vår framtid?».

No er framtida koma og kommunen har vore eitt i 150 år. Noko nytt jubileum blir det nok ikkje.

Kjelder: «Eit hundreårsskrift» (1966), jubileumsheftet «Industriutviklinga i Svelgen» (1987) Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.