– «The Young Ones» er ein programpost vi vil satse vidare på, om det blir Elvisfestival neste år, seier Helge Hjelle i festivalen.

«The Young Ones» er ein programpost under festivalen der unge lokale talent får vise seg fram på scena. I år vart dette leia av Håkon Kongshaug, som mange kjenner gjennom deltakinga i Idol. Showet gjekk føre seg på dagtid på laurdag i festivalteltet.

– Teltet var nesten fullt under «The Young Ones», så dette konseptet er kome for å bli om vi held fram med denne galskapen, smiler han.

Dei lokale talenta fekk også vise seg fram under andre programpostar. På kyrkjekonserten var fleire av dei i aksjon, og på scena i festivalteltet song Hans Christian Helgesen frå Selje, Chris Nedreberg Silden frå Raudeberg og Håkon Kongshaug frå Måløy.