Om lag 30 frivillige sørgde for publikum koste seg i teltet under Elvisfestivalen. No etterlyser leiinga fleire hender.

– Viss vi skal arrangere festival neste år må vi ha med oss fleire på laget. Når arrangementet nærma seg i år måtte vi ta kontakt med personar som vi visste kunne vere aktuelle for å dekke opp med nok frivillige, seier Helge Hjelle i Elvisfestivalen, som gjerne skulle sett at fleire melde seg til å bidra.

Positive tilbakemeldingar

Hjelle fortel at festivalleiinga er svært godt nøgde med programmet, men at både brannen i Måløy sentrum fredag og uvêret sette sitt preg på festivalen.

– Dessverre hadde vi ein brann i Måløy fredag morgon, og dette i kombinasjon med regnvêret førte til at vi måtte avlyse og flytte fleire arrangement.

– I tillegg til at vi måtte avlyse nokre programpostar vart det også mindre omsetning ved etestadane våre, forklarar festivalgeneralen.

Yngre publikum

Trass i at det var lite folk i sentrum på dagtid under festivalen, er Hjelle godt nøgd med frammøte i teltet.

– Fredag hadde vi hatt plass til fleire folk i teltet, men det vart eit flott show.

– Blir det Elvisfestival i Måløy neste år?

– Alt er avhengig av at festivalen går rundt økonomisk og at vi får med oss folket til å bidra. Eg trur at denne festivalen kan bli ein framtidig suksess for Måløy.