18 år gamal fekk ho sitt første barn og sin første blogg. Sju år seinare kom barn nummer to og no håpar ho at bloggen kan bli så stor at ho kan leve av den.

– Det blir litt folkesnakk når ein er ung mamma på ein liten plass. Ein trengde kanskje å vise litt at «vi klarar dette her ganske fint». Så at eg starta bloggen har kanskje litt bakgrunn i at eg fekk barn tidleg, seier Malin Nygård Gjerde.

26-åringen frå Måløy har alltid skrive mykje, dagbøker og små historier. No er uttrykksforma «mammabloggen» Malin Mellow, som stadig får fleire faste lesarar.

Les også:

– Det er mammalivet, amming, vakenetter og slikt. Eg skriv om det meste, tankar om å vere tobarnsmor og kvardagen vår, seier ho.

Bloggen har blitt ein viktig stad å lufte tankane, og ho skriv eigentleg mest for seg sjølv.– Bloggen betyr kjempemasse! Eg skriv også for å kunne gå tilbake. Eg har til dømes delt fødselshistoria mi så kan eg gå tilbake, lese den og grine ein skvett.

Instagram

Malin fortel at det på det meste kan vere 4.000 innom bloggen for å lese eit innlegg, men at snittet nok ligg litt lågare.

Instagram-kontoen hennar har større pågang. Ho hadde 4.500 følgjarar der før ho blei gravid, plutseleg var talet opp i over 13.000.

– Den stiger veldig. Instagram har eit så stort spekter, det er enklare å slå seg opp. Det er vanskelegare å nå heilt opp på blogglista, men det er jo den evige streben, smiler Malin.

Det er også Instagram som gir mest inntening.

– Der har eg ein del sponsoravtalar rundt Tius. Eg har fått litt stæsj og etter kvart som følgjertala aukar, reklamerer eg for fleire ting. Det er veldig kjekt.

Både Instagram og bloggen fekk fleire lesarar då ho flytta til Drammen.

Ikkje «dama til»

– Det var ein stor overgang å flytte frå alt ein kjenner, familie, venner og kvardagen for å flytte inn i ein annan sin kvardag. Men så går det eitt år og ein har innlosjert seg, har jobb og venner og folk rundt seg. Så er plutseleg kvardagen her, seier Malin.

Ho er saman med Kent Sundberg kjend frå Donkeyboy. Men presiserer at ho ikkje ønsker å vere kjend som «dama til Kent».

– Det er ikkje mitt kall i livet. Eg håpar at folk kikar innom bloggen for å oppsøke meg og ikkje han, og at dei likar det eg delar, seier Malin.

Ho er også forsiktig med å utlevere sambuar og barn på bloggen sin.

– Eg prøvar jo å skjerme dei som er rundt meg. Den handlar mest om meg sjølv.

Alltid noko som ventar

Når ho ikkje bloggar eller er oppteken med permisjonslivet, jobbar ho i kleskjeda BikBok og to dagar i veka som vippeteknikar og negledesignar i eige firma.

– Eg måtte jo finne på noko. Kent med sin jobb, kunne jo ikkje ta fri i tre månader, så no er han heime to dagar i veka så går eg på jobb, seier Malin.

Med to barn, blogg og Instagram, jobb og oppussing går permisjonstida kjapt.

– Det går jo rundt. Men det har også sine avgrensingar. Eg er oppteken konstant. Alltid noko som ventar, anten det er følgjarar på Instagram, blogg-innlegg, eller Tius og Leah som vil ha sitt. Så pussar vi opp og jobbar, så dagane går i eitt, smiler Malin, som gler seg til å komme til julefeiring i Måløy.

– Vi skal faktisk ha første jula i Drammen i år, men 1. juledag, då er det rett heim til ho mor!