Fleire lokale innslag blir å sjå under Elvisfestival i Måløy. Odd Erik Lothe og gruppa Krom skal under årets festival framføre kjende slagerar i ny språkdrakt.

I tillegg har arrangørane vore i nabokommunane å henta songarar.

– Hans Kristian Helgesen frå Selje, kjem frå ein svært musikalsk familie, så han er ein av dei vi har plukka ut frå nærmiljøet, forklarar Hjelle.

Enda fleire lokale songarar sitt namn står på programmet i år. Barbro Sævik Silden frå Raudeberg, Chris Nedreberg Silden frå Måløy, Susanne Øyen Haugen og frå Hornindal kjem Rolf Kobberstad, som omtalar seg sjølv som «camping-Elvis».

Arrangørane håpar å kunne putte dei lokale artistane saman med dei internasjonale.

– Talenta får møte artistar og musikarar backstage og på scena. Vi håper dei kan få med seg erfaringar, tips og triks.