Yogainstruktør Gry Hansen snakkar med sakte stemme. Om å finne senter, seg sjølv.

Vi er i ein trekkfull låve rett ved Hoddeviksanden. Ti menneske ligg utstrakt på golvet, nærmast som mumiar. Dei verkar totalt avslappa, vekke frå denne verda.

Det tredje auge

Ein Buddha-figur overvakar det som skjer i lokalet der folk er komne for å bryte koplinga til det verdslege.

Timen nærmar seg slutten og yoga-deltakarane har fått pledd over seg. Det nærmar seg klimaks. Nokre er heilt tildekte, andre har hovudet fritt, men har eit tøystykke over auga. Etter ein time med kroppslege øvingar som er fysisk tøffe og med eit kvarter mental avkobling til slutt, sprett deltakarane opp frå golvet, blide og nøgde før dei forsvinn til andre gjeremål. Å drive med yoga er ein trend i tida, noko Gry Hansen meiner skuldast at folk blir meir og meir stressa. Dette er ho medviten om å bryte ut av for sin eigen del, og ho ynskjer å hjelpe andre til å avreagere.

Eit lytteverktøy

– For min del er det ein kombinasjon av fleire ting. Eg ynskjer å halde ved like ledda. Eg ser gamle folk som er stive og ikkje klarer å bevege ledda sine. Eg vil ikkje bli ein sint, bitter og inneslutta person med smerter. Yoga er også eit verkty for å lytte til seg sjølv. Det er ikkje lett for folk å bryte sitt eige tankemønster. Det handlar om å halde styr på seg sjølv.

Dukkar opp

Er vêret fint nok, hender det at ho legg timen på sandstranda.

Ho har sju NM-titlar i klatring og er også noregsmeister i turn. No lever ho eit ikkje-materialistisk liv i Ytre Nordfjord.

– Det er tøft å bryte ut av massene. Eg har kjøpt eit billeg hus og har inntekt nok til å greie meg. At eg skal klare meg med lite er ein del av bakgrunnen for valet om å flytte hit, eg ville ikkje ha stort lån som gjorde meg avhengig av inntekt, seier ho og legg til:

– Det er den største fridomen eg har ved å bu her. Eg kan ikkje tenkje meg å bu nokon annan stad.