Namn: Sanoh VarpeAlder: 64 årBustad: BremangerSivilstand: gift Yrke: eig og driv eigen restaurant og klesbutikk i Bremanger

– Kva skal du i sommar? – Det er høgsesong for både butikken og restauranten min, så eg skal halde ope sju dagar i veka heile sommaren. Om veiret vert bra nok skal eg ha utandørs buffé. Det er travelt, spesielt i helgene, men eg likar det slik.

– Kva er ditt beste sommarminne? – Eg har ikkje eit spesifikt, men har gode minner frå når kjekke kundar har kome innom for å snakke og ta ein kaffi.

– Kva er ditt favorittreisemål?– Eg elskar å reise til moderlandet mitt, Thailand. Men eg likar også godt Australia fordi folket er veldig koselege, og Kina og Japan reiser eg gjerne tilbake til.

– Korleis skal du kople av i sommar? – Eg stressar ned og klarnar hovudet når eg sit ved symaskina mi. Det er jobb, men likevel så frigjerande for meg. Eg har designa og laga kle sidan eg var fem år gamal, eg kjem aldri til å slutte med det.

– Kven beundrar du? – Eg er eigentleg ganske sjølvlærd, og stolar mest på mitt eige instinkt. Men der var ei jamaikansk dame som lærte meg å lage mat då eg budde i USA, ho var som ei bestemor for meg, og ein person eg verkeleg såg opp til.

– Kven vil du gi ei korg jordbær? – Ungane i Bremanger. Dei kjem ofte til restauranten min om kveldane berre for å snakke, og det synest eg er veldig koseleg. Eg er glad i borna, og dei er glad i meg.

– Kva vil du vise tilreisande? – Det er veldig fint her i Bremanger, så dei hadde fått sjå naturen. Og så at det er så fredfullt, og ikkje minst reint!

– Har du eit livsmotto? – Eg meiner at ein må elske seg sjølv for at andre skal kunne klare å verkeleg elske ein. Difor må ein ta godt vare på seg sjølv, og ikkje vere så sjølvkritisk.