Håkon Kongshaug, som kom til semifinalen i det TV2-sende programmet Idol, er ein av dei lokale stjernene som skal stå på scena i festivalteltet under Måløydagene.

– Korleis blir det å spele under Måløydagane?

– Det blir kjekt. Det er veldig mange flinke lokale artistar som skal vere med.

– Korleis blir det å spele framfor heimepublikummet?

– Kva får folk sjå?

– Publikum får sjå avslutningsnummeret mitt frå Idol og litt nye songar. Det blir både rolege songar og litt meir uptempo. Rett og slett heile spekteret.

– Kva type oppdrag har du hatt etter Idol?

– Eg har fått veldig mange tilbod etter Idol. Eg har blant anna spelt saman med Hit Station, som eg skal spele med under Måløydagane, på Jibben. Der var det kjempestemning.

– Eg skal spele på Flatraket i august og på Elvisfestivalen i Måløy same månad.

– Satsar du på musikken?

– Eg skal gjere meg ferdig med skule først, så får vi sjå vidare. Eg har aldri tenkt på musikken som ein jobb, men som ein veldig god hobby.