Ein slik ladestasjon med gratis mat er heilt genial, ja, det beste som har skjedd sidan Pokémon Go-appen kom ut, seier kompisane John Olav Nordbø (14) og Lars Einar Larsen (16).'

- Vi har vore her sida klokka fem, og no er den over sju. Det er kjekt at nokon lagar til ting i samband med spelet, og då stiller vi sjølvsagt opp, seier dei.

- Eg trur mange gløymer å ete når dei er ute å spelar, så då tenkte eg at vi kunne hjelpe litt til. I tillegg synest eg at det er veldig kjekt å sjå så mange i alle aldersgrupper ute, så då ville vi liksom vere med på moroa, seier ho.

Nordbø fortel at dei tilsette ved Kiwi også var med å legge ut "Lures" for å lure til seg fleire Pokémonar til Torget.

- Dette har funka veldig bra og eg trur at både vi hjå butikken og dei som har nytta seg av lade-maten er nøgde, smiler ho.

I tillegg til veldig positive tilbakemeldingar frå pokémon-spelarane, fekk Nordbø også god respons frå andre som oppheldt seg på Torget, tysdag.

- Det er kjekt med eit så sydande folkeliv, og å sjå folk i alle aldrar kose seg ute, konstaterte dei.