– Det var dette vi drøymde om då vi var yngre. Å springe rundt å jakte på pokémons akkurat slik dei gjorde i TV-serien, seier Shahez Shwana (22) frå Måløy.

– Appen registrerer aktiviteten din, og viser at eg i snitt har gått ei mil for dag på leit etter pokémons. Det er ikkje så aller verst!, seier Shwana.

– Det er vårt indre barn som kjem fram, ei slik moglegheit kan vi ikkje la gå frå oss, seier Shwana, som er spent på kor lenge interessa kjem til å vare.

Slutta aldri å spele Pokémon

Hopland Aare fortel at dei alle var hardbarka pokémon-fans på barneskulen og at dei allereie då spelte alt som var av pokémon-spel. Også i seinare år har dei vore innom dei gamle spela sine.

– Vi har vel aldri heilt slutta å spele pokémon, men med denne nye mobilappen, som att på til er gratis, vert det mykje meir tilgjengeleg for alle.

Dei mange pokémonane kan dukke opp kor som helst, og alle kan laste ned appen gratis. Foto: Benedikte Flataker

Dei tre pokémon-entusiastane synest det er kjekt at folk kjem seg ut litt i staden, og fortel at dei har møtt folk i alle aldrar som spelar det utvida verkelegheit-spelet.

– Eg har gått rundt aleine med musikk på øyre, for så å møte på fleire gamle kompisar som også er på pokémon-jakt, ler Shwana og seier at dei då har enda med å jakte saman.

Oppdagar nærmiljøet på ny

Kompisane fortel at dei har vore på pokémon-jakt rundt i heile kommunen, og at dei har lagt merke til mange nye ting, og besøkt fleire nye stadar.

– Og ein legg merke til ting ein aldri har sett før. Det finnast for eksempel utruleg mange anker plassert rundt om i kommunen som eg aldri har visst om, konstaterer Shwana som meiner at dette, saman med auka fysisk aktivitet, er blant dei mange positive sidene ved spelet.

Shwana innrømmer derimot at han har ein tendens til å ta spel litt for seriøst.

– Med meg er det alt eller ingenting. Spelet har nesten blitt ein ny livsstil for meg, tida vil vise kor lenge det vil vare.

– Kan få fleire i aktivitet

Birte Sandal, folkehelsekoordinator i Vågsøy, meiner den voldsome interessa for Pokémon Go kan bringe med seg positive følgjer, og trur at mange som vanlegvis set mykje inne, no nyttar moglegheita til å komme seg ut i naturen.

Ho understrekar at ho sjølv ikkje har sett seg veldig godt inn i spelet, og ikkje kjenner til detaljane, men at prinsippet der ein må vere i aktivitet for å fange pokémons er positivt.

Ho understrekar at dei som spelar spelet må ta hensyn til trafikk og mennesker rundt.

– Det er ikkje sunt å bli for hekta, slik at ein til dømes ikkje bryr seg om trafikken, seier ho.