Historia om redninga av Virka ville neppe komme fram i lyset meir om det ikkje var for Gunnvald Sundsøy.

Gunnvald har levd heile livet på Sundsøy, aust for Kalvåg, og var liksom Dagfinn Værøy avhengig av båt til alt fram til brua kom.

Sjølv om det er ein halv times gange med snekka mellom desse øyane, Sundsøy og Værøy, har dei alt frå gutedagane hatt mykje felles.

Gunnvald og Dagfinn har mange gonger snakka om desse to karane på Virka, vest av Værøy ein desemberkveld i 1969. Og Gunnvald har fleire gonger teke opp tanken om at det måtte vere kjekt for Dagfinn å treffe att desse som han redda, som han ikkje visste namnet på.

Eit haldepunkt var at båten skulle brukast til sandføring til ei betongbedrift, truleg stasjonert på Halsnøy. Åra gjekk, utan at noko vart gjort for å finne ut meir.

Så, i 2014 såg Gunnvald ein notis i ei lokalavis om ein mann i Bremanger som berga ei lita jente på Igland for 49 år attende. Han vassa ut på Iglandsanden og henta henne til lands. For dette fekk han diplom frå redningsselskapet. Tanken kom om at kameraten Dagfinn også fortente påskjønning for å ha redda far og son frå den visse død 46 år tilbake.

Føre jul same året reiste Gunnvald frå Bergen til Smørhamn med ekspressbåten. Om bord møtte han Kari Igland Brandal og ektemannen som skulle til Måløy for å feire jul med døtrene sine.

Ho stamma frå Bremanger og dei budde på Halsnøy. Gunnvald lurte på om dei visste om nokon som åtte ei sandskute der sør, og om far og son som hadde vore ille ute oppe ved Kalvåg.

Dei var nokså sikre på at dei hadde opplysningar å gje om det, og lova å informere Gunnvald når desse vart bekrefta. Dei trudde sonen levde.

Kari Igland Brandal, som hadde ei viktig rolle for å etablere denne kontakten, døydde berre tre veker etter ho oppsøkte Odd Jarand. Så Gunnvald si oppfordring kom i grevens tid.

Etter alle desse åra ringde så Dagfinn og fekk snakke med Odd Jarand Rygh. Avtala vart at Odd skulle komme ein tur til Kalvåg så dei kunne møtast, og ta ein tur ut i dette havområdet der dei fekk felles minner ei desembernatt då dei var 30 år.

– Dagfinn er fødd der ute i Værøyna og er lommekjend i dette fårlege farvatnet vestanfor, fortel Gunnvald.

Det er forklaringa på at Virka kom vel i havn denne desemberkvelden. Der levde truleg ingen i Kalvåg-området som kunne navigere seg fram mellom holmane, brota og tarane sikrare enn han i mørkna. Hans lokale orienteringsevne var heilt avgjerande.

Ein større båt frå Kalvåg ville ikkje kunne ta seg fram der ute i dei rådande forholda denne natta, meiner Gunnvald.

– Det einaste Dagfinn skulle hatt med seg var ein mann til, så dei var to i båta.

Slik ser Gunnvald på denne nattlege seglasen til kameraten – som fekk ein lukkeleg slutt.