– Eg har jobba i eitt år for å få dei hit, smiler Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen.

Og 25. februar kjem endeleg Raske Menn med stand-up showet «90 minutter på 80 minutter».

– I staden for å ha det typiske, har vi fått inn litt meir breidde. Her er noko for ein kvar smak. Det ser også ut som vi har treft med programmet, for vi sel billettar på alt.

– Vi begynner nyåret med nyttårskonsert med Torskangerpoll Musikklag 14. januar, dei selde ut i fjor, fortel han.

4. februar er det Ungdommens kulturmønstring for Vågsøy og Selje. Få dagar etter, 7. februar, kjem Ole Ivars med showkonserten «Aldri FREåFÅ!»

– Dette er altså heile Ole Ivars som spelar ein musikal. Dei får veldig bra kritikkar der dei spelar, fortel Silden Totland, som anbefaler alle som likar sjangeren om å gripe sjansen når dei no kjem.

– Ho har fått kjempekritikkar på det nye albumet. Dette er country som slår an her i distriktet.

4. mars blir det også country på scena, med bandet Good Ol Boys som består av Arne Benoni og Ottar Big Hand med fullt band.

11. mars er det tid for den årvisse og populære Dansegallaen med Måløy Musikklag, der temaet framleis er hemmeleg, ifølgje den daglege leiaren.

I mars blir det to teateroppsettingar i Nordfjordhallen. Først ut er Sogn og Fjordane Teater med si jubileumsførestilling «Evig ung» 2. mars, der vi blir flytta 40 år fram i tid, til 2057, og teateret fungerer som ein gamleheim for tidlegare skodespelarar.

– Dette blir litt rock'n roll, lovar Silden Totland.

– Det er første gong vi har ei så stor teateroppsetting. Her er det super kvalitet på kulissar og effektar, seier Silden Totland.

25. mars blir det konsert med Trine Rein, som slepp nytt album i slutten av januar.

– Vi er heldige som får vere med i byrjinga av turneen.