– Det er sååå kjekt å sitte på hest. Dei er så søte og snille, seier Siri Humborstad frå Kjølsdalen.

Ho storkoste seg på hesteryggen i ein julepynta ridehall på Norsk Fjordhestsenter på Eid.

Laurdag og søndag kunne ein oppleve den magiske julestemninga saman med fjordhestane og elevane på Fjordane folkehøgskule, som hadde laga til julemarknad.

Les også:

Her var det både barneriding, eventyrstund i lavvo, smådyrhjørne, heste- og sirkusshow, og sal av ulike handlaga produkt.

– Pengane vi får inn går til ei god sak; Dyrebeskyttelsen og heile skulen, fortel Kathrine Børresen, elev frå Oslo.

Elevane hadde pynta seg med nisseluer, og hadde i løpet av siste veka rydda og skapt julestemning i stallen og ridehallen. Her blei ein også møtt av sjøvaste julenissen ved inngangsdøra.