Med fargerik kunst på veggane og vakker operasong er operavekene på Nordfjordeid no opna.

Årets operautstillarar i Gamlebanken er Gørild Bruaset Bræin og Ola Une Ferstad Liland.

– Det er veldig stas å vere operautstillar, og kjekt å bli spurt. Opera likar eg veldig godt, og det var fantastisk lidenskapeleg song her, seier Bruaset Bræin.

Ho siktar til heftig og kraftfull operasong av Thomas Ruud, som var med å sette stemning under opninga. Han er med i Opera Nordfjord si oppsetting av Maskeballet, og i Gamlebanken blei han akkompagnert av Olga Pavlova.

Kulturstad

– På tjue åra har det på Eid og i Nordfjord vakse fram eit operamiljø, som i år framfører tre fullskala sceneproduksjonar i eige operahus. Vi har fått omdanna det gamle bankbygget til eit levande kulturhus. Vi har sett at det gjer noko med folk og lokalsamfunn. Satsing på kunst, kultur og sentrumsutvikling skaper ein betre og meir attraktiv stad å bu – ein stad i vekst og utvikling, sa ordførar Alfred Bjørlo under opninga.

Han meiner ein nøkkel til det som har skjedd på Eid siste 15–20 åra har vore samhandling og samarbeid.

– Vi er ikkje så mange, med då er det desto viktigare å dra vekslar på kvarandre. Difor er det at den årlege operafesten i regi av Opera Nordfjord no har blitt til operafestveker med kunstutstillingsopning her i Gamlebanken, same dag som operapremieren. Det skapar liv og røre, og gjer at Nordfjordeid som kulturstad står endå sterkare.

Utan ansikt

Det er to separate utstillingar i hovudetasjen denne gongen. Romsdalingen Gørild Bruaset Bræin målar ein balanse mellom fargerik glede og nedtona alvor. I bilda hennar finn ein mennesket, natur, stemninga, lyset og fargane.

– Menneska eg lagar er gjerne utan ansikt, for eg ønskjer at dei som ser bilda skal gjere seg opp ei meining sjølv, seier ho.

Ålesundaren Ola Une F. Liland er innehavar av Geiranger Galleri, og stiller med fargerike menneskeskulpturar i sine bilde. Han har ei lang karriere bak seg med utstillingar og utsmykkingsoppdrag.