Under Måløydagene blir det tradisjonelt opptog. Komiteen har enno ikkje fått nokre påmeldingar, og oppfordrar no folk til å bli med.

– Opptog blir det, for ein har artistane og Vennebyen som har sagt dei vil vere med, men det er veldig synd viss det ikkje blir eitt einaste lokalt innslag, seier Anne Grethe Strand, som er i arrangementskomiteen for Måløydagene.

– Eg har sendt brev til lag og organisasjonar gjennom frivilligsentralen, så folk skal vite om det, seier ho.

Måløydagene feirar i år 40-årsjubileum, og komiteen hadde difor håpa at eit stort opptog skal fylle sentrum laurdagen.

Vinnarane av beste konsept får ein premie på 5.000 kroner.

– Det kan virke som om folk ønskjer å ha fri denne dagen, men eg vil tru at 5.000 kroner er mykje for eit frivillig lag eller ein organisasjon, seier Strand, som berre har fått ei tilbakemelding på invitasjonane ho har sendt ut.