Til helga er det klart for den åttande utgåva av Heim i Haust. I år satsar komiteen endå meir på Oktoberfesten.

– Det var under førebuingane til fjorårets arrangement at eg var i Stryn på Oktoberfesten der, og tenkte at dette må vi få til her på Raudeberg. I fjor var det nokre som stilte i kjolar og lederhosen, og vi fekk veldig gode tilbakemeldingar frå dei som hadde tatt turen, men i år håpar vi på enno fleire deltakarar og eit enno betre arrangement, fortel Edvard Iversen i komiteen.

I helga hadde komiteen eit utsal der det var mogleg å kjøpe seg dei tradisjonelle Tyrolerdraktene.

– Vi har for lite ressursar i år til å lage det så stort som vi vil, men vi trur det vil kome fleire i år enn i fjor. Vi legg mykje ned i arrangementet, og det er mange av dei same folka som lagar til Heim i Haust og Kulturhuset.

«Oktoberen» er ein del av arrangementet Heim i Haust, som vart arrangert for første gong i 2008.

– Det heile byrja med vegopninga i 2007. Aktiv Raudeberg stod som arrangør for hendingane i tunnelen og på samfunnshuset. I 2008 måtte vi finne på noko nytt, for då var vegen opna. Vi såg at mange kom heim, og det ville vi at dei skulle halde fram med, og dermed enda vi opp med Heim i Haust, fortel Iversen, som legg til at ein har sett bevis på at arrangementet har fungert.

På programmet til Heim i Haust i år står blant anna aktivitetskveld for barn, «Fra Elvis til Sinatra» med Isak Søraa og Torskangerpoll Musikklag, kafè i Starheimsbuda, foredrag med Arvid Andenæs, «ønskekonsert» med Stormklang og «Oktoberfest i Garasja» der Måløy Musikklag spelar Tyrolermusikk og D'Mens fyller på med underhaldning.

– Vi ønskjer å halde på kvaliteten og at folk skal like seg. Eg må rose alle som stiller opp og bedriftene rundt oss her. Det er mykje utstyr som vi får låne når vi skal kle heile garasjen med duk og bygge scene, seier Edvardsen.