Asbjørn Hagen frå Eid og Kristiane Rusten Ekremsæter frå Fiskå vart i dag tildelt Draumestipendet på 10.000 kroner frå Norsk Tipping og Norsk kulturskuleråd.

Hagen er ein av fem vinnarar i Sogn og Fjordane, og Rusten Ekremsæter ein av ni vinnarar i Møre og Romsdal. Totalt blir det delt ut ein million kroner fordelt på 100 nominerte kandidatar i alderen 13 til 20 år.

– Min største draum er å kunne leve av å spele teater. Anten som filmskodespelar, musikalartist eller som tradisjonell skodespelar ved eit av dei store teatera, skreiv Hagen i søknaden til Draumestipendet.

Eidaren understrekar at det å stå på ei scene gjev han ei spesiell kjensle.

– Det å kunne stå framfor eit publikum og skape noko som rører ved tankane og kjenslene til menneska som sit framfor deg, er heilt spesielt. Samtidig er noko av det eg set mest pris på med teater at eg kan spele nokon som ikkje er meg sjølv, skriv han, og legg til:

Hagen har det siste året gått på Romerike Folkehøgskule på lina for musikkteater, og har budd seg til opptaksprøver ved Norges Teaterhøgskule.

– Draumestipendet er derfor ei god hjelp på vegen mot målet mitt slik at eg kan utvikle meg vidare og få moglegheita til å drive med det eg elskar mest. Og på den måten kan eg kanskje vere med på å gi noko tilbake til samfunnet gjennom arbeidet mitt, skreiv han i søknaden.

Rusten Ekremsæter går siste året på Myklebust ungdomsskule og har planar om å søkje på musikklina ved Volda vidaregåande skule til neste år.

Kristiane Rusten Ekremsæter frå Fiskå i Vanylven vart tildelt Draumestipendet på 10.000 kroner.

– Song og musikk har alltid vore ein viktig del av livet mitt. Vi har alltid sunge mykje heime, og eg byrja i barnekor før eg fylte tre år, skriv ho i søknaden til Draumestipendet.

Songaren har sunge på Ivar Aasen-tunet med kronprins Håkon som tilskodar og har sunge ilag med Tone Damli.

– Eg er eigentleg ei ganske sjenert jente, med ein stor porsjon sceneskrekk. Men den kjensla eg sit igjen med etter ein vellukka opptreden er berre fantastisk. Det er noko magisk ved det å stå på ei scene på sitt mest sårbare, skriv Rusten Ekremsæter, og legg til: – Noko eg alltid har hatt veldig lyst til, er å få prøve meg i ein musikal, eg har òg ein draum om ein dag å få lage og spele inn eigen musikk. Om eg skulle vere så heldig å bli tildelt Draumestipendet, ville eg ha brukt mesteparten av pengane på utstyr eg treng for å kunne oppfylle denne draumen.

Tildelingar i Sogn og Fjordane:

  • Eid: Asbjørn Hagen - Teater

  • Fjaler: Tormod Skår Midtbø - Dans

  • Førde: Kristina Fransson - Musikk

  • Gloppen: Sofia Hyttedalen - Musikk

  • Luster: Sindre Steig - Musikk

Tildelingar i Møre og Romsdal

  • Gjemnes: Nikolai Gagnat - Musikk

  • Molde: Marthe Grøtta Øther - Visuell kunst

  • Molde: Selma Linnea Sandvik Fegth - Skapende skriving

  • Nesset: Håvard Bævre Ellingsgård - Visuell kunst

  • Rindal: Mali Evjen - Visuell kunst

  • Sula: Ivar Trengereid - Visuell kunst

  • Vanylven: Kristiane Rusten Ekremsæter - Musikk

  • Ålesund: Fride Snipsøyr Holøs - Teater

  • Ålesund: Nathalie Marie Fausa - Annet