Les Stig Erik Elliott sin kommentar som stod på sistesida i papiravisa fredag 17. april:

Eg er ikkje akkurat noko globetrotter, sjølv om eg etter kvart har vore både her og både der.

Når eg skriv dette, er eg i Trondheim. Det er ei ganske artig oppleving. Mytane om Trondheim er mange. Det vil seia: Etter knappe 24 timar i byen har eg funne ut at mange av mytane faktisk ikkje er mytar. For det første er der vanvittig mykje bart her. Mannfolk utan hår på overleppe er om lag eit like sjeldan syn som muslimar på eit griseslakteri.

Blant den eldre garde er det sjølvsagt ein del som konsentrerer seg om å styla håret aller øvst. Blant dei mellom 50 og 90, er det lite hår øvst og mykje under nasen.

Så har me dette med skinnvest og tennissokkar. Skinnvestar har eg ikkje sett så mykje av. Det er ikkje før laurdag kveld at eg skal på fest med Hella Angels (slapp av mamma, det var berre tull). Men tennissokkar har eg sett for første gong sidan 1996. Ikkje på folk rett nok, men fleire butikk fører slikt. Og då må vel noko kjøpa?

Flettfrid har eg og møtt. Og då snakkar eg ikkje om bergensordførar Trude Drevland. Nei, då snakkar eg om vaskekte, soignerte trønderfruer som spis Napoleonskake medan dei nippar til eit lite glas portvin og løyser verdsproblema som heimsøkjer godt møblerte heimar. Tre-fire av denne typen sit faktisk ved sidan av meg akkurat no, på kafeen der eg har installert meg for å skriva desse orda (nei mamma, det er ikkje eigentleg ein pub).

Herlege damer! Eg håpar at eg også har lilla hår og litt i overkant stort forbruk av vin når eg blir nitti.

Men først må eg altså bli nitti, og det kan vera vanskeleg nok.

Du lurer kanskje på kva eg eigentleg gjerne i Trondheim? Eg er på landsmøtet til norske lokalaviser. Iallfall enn så lenge. Me skal diskutera momsfritak, kritisk journalistikk, avisoverskrifter, sladder, verdsproblem, andre problem og eigne problem. For å nemna noko. Eg er iallfall på møtet enn så lenge. Ser ikkje vekk frå at eg kan forlenga pausen her med damene i staden for og diskutere kake og lilla hårfarge ...