Les Stig Erik Elliott sin kommentar som stod på sistesida i papiravisa fredag 20. mars:

Eg har rydda på loftet. Der fann eg mykje rart. Faktisk fann eg så mykje rart at om det skulle skrivast ei liste, ville det vore mest hensiktsmessig å skrive opp det eg ikkje fann. Den lista ville nemleg blitt kortare enn lista over det eg fann.

Grunnen til at det måtte ryddast, var at me skulle få ein elektrikar på besøk.

Han skulle skaffa oss lys på loftet. Hadde me sendt han opp på loftet utan å rydda først, fryktar eg at me aldri ville funne han igjen. Familien hans ville truleg meldt han sakna etter at det hadde gått ei veke eller to. Me ville blitt mistenkte for mord. Elektrikaren ville truleg ha sett seg fast mellom eit par sekkar med gamle lekar og ein del koffertar som verken kan opnast eller lukkast.

Men eg rydda altså først, for å unngå mordmistanke.

Forutan sekkar med gamle lekar og koffertar som verken kan opnast eller lukkast, fann eg mellom anna fire bærplukkarar, to par skistavar utan trinser, ein motorsykkelhjelm som det ikkje ein gong går an å slå lens i, nokre lange og tynne metalldingsar som eg ikkje veit kva er, men som eg mistenkjer for å vera lister av noko slag, fire måleri med knuste rammer og så stygge motiv at eg ville ha knust rammene sjølv om dei ikkje allereie var knuste, ein gammal saftkokar med bulkar, 17 forskjellige sett med gardiner i fargar som ikkje finst lenger – og så vidare og så vidare.

Det som slo meg etter at eg sveitt og sint hadde gjort meg ferdig med ryddinga, var sjølvsagt dette: Korleis i alle dagar hadde alle desse tinga funne vegen opp på loftet?

Konemor går ikkje i stige og held på ting samtidig, så det kan ikkje ha vore hennar verk. Eg går helst ikkje i det heile tatt, så det kan ikkje har vore meg (trur eg).

Kan det rett og slett vera at desse gjenstandane har spasert opp på loftet sjølv? Har dei ein gong for lenge sidan forstått at dei var i ferd med å gå av moten, og dermed fått angst for å hamna på søppelfyllinga? Har dei halde allmøte i skuffer og skap og bestemt seg for å flykta – opp på loftet?

Spørsmåla er mange, svara er få.

Eg veit berre at me har hus på eitt plan. Diverre har me skråtak. Dermed blir det eit slags holrom over taket i den einaste etasjen vår og det utvendige taket. Diverre har ein eller annan idiot laga ei luke i taket i gangen slik at det går an å komma opp til dette holrommet. Diverre var eg så helselaust dum at eg sytte for å få lagt plank (c-rangering) på dragarane som låg i botn av dette holrommet.

Dermed hadde eg skapt eit loft. Eit monster, ein skjulestad for alskens rask og rot. Eg skammar meg.

Og så lurar eg på: Går det an å brenna ned eit loft utan at heile huset brenn ned?