Øyvind Stang viste fram topp moderne teknologi då Vestnorges Rederiforening vitja den nye fiskemjøl- og fiskeoljefabrikken til Nergård.

– Eg blir skuffa om vi ikkje er 20 prosent meir energieffektiv enn konkurrentane våre. Vi skal vere i særklasse best på energi, seier Øyvind Stang, dagleg leiar for den nye fiskemjøl- og fiskeoljefabrikken til Nergård på Trollebø.

Han fortel at dei har mykje av den same teknologien som andre, men at dei har nye løysningar på møllerommet og eit lukterensesystem på eit eige nivå.

– Vi fekk betydeleg strengare krav enn andre fabrikkar her når det gjeld utslepp.

Fabrikken får 16 tilsette inkludert administrasjon. Sju-åtte er allereie tilsett.

Arbeidet med å setje i stand området frå eit slite fiskeindustriområde til eit toppmoderne er i full gang. Planen er å testkøyre anlegget før jul og ta inn fisk i januar.

Stang anslår investeringa til 250 millionar kroner.

Pelagisk konsumanlegg

Produkta som skal lagast er fiskemjøl og fiskeolje.

På nabotomta planlegg Nergård eit pelagisk konsumanlegg, som skal pakke og filetere sild og makrell. Eit styremøte i oktober avgjer om planane vert realisert.

Stang, som også er storaksjonær i Nergård saman med broren Geir Olav og faren Arne Stang, trur på klarsignal.

Sjølv om Nergård-satsinga måtte avgjerast i rettssystemet, meiner Øyvind Stang at tonen i miljøet er god.

– Ja, eg trur det er sunt for alle med konkurranse. Då må alle skjerpe seg, sa han til reiarane vitja fabrikken. Runden i rettsapparatet skal ikkje ha ikkje senka utviklinga av fabrikken nemneverdig.

– Bra med spesialisering

Kåre Furnes, styremedlem i Fiskebåt Vest og medeigar i Atlantic Seafish, meiner det kan vere positivt at fiskeindustrimiljøet i Måløy har gått frå kvitfisk til nærmast reint pelagisk.

– Det gjer at miljøet kan spesialisere seg og bli betre, meiner han.

Fiskebåt Vest er ei underavdeling av Fiskebåt, tidlegare Fiskebåtredernes Forbund. For første gong etter at avdelingane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal slo seg saman, vart det denne veka halde styremøte i Måløy.

Imponert over satsinga i Måløy

– Dette vil utnytte råstoff effektiv og dermed gje betre inntekter. Eg er heilt sikker på at Norge som fiskerinasjon vil tene på at utviklinga går i denne retninga, seier Paul Harald Leinebø frå Fosnavåg, dagleg leiar i reiarlaget Leinebris og styreleiar i Fiskebåt Vest.

Han var ein av dei som var med på omvisinga hjå Nergård Pelagic på onsdag.

Reiarlager Leinebris sjøsette nyleg ein hypermoderne linebåt på 58 meter som går inn i den same utviklinga med høgteknologi i fiskerinæringa.

Sjølv om Leinebris fiskar kvitfisk og ikkje kjem til å levere fangst hjå Nergård Pelagic, gler Leinebø seg over nykomaren på Trollebø.

– Som fiskar ser eg på alle mottak som positive. Dette er i særklasse viktig for pelagisk. Eg merkar meg også satsinga i Måløy på fleire område for tida. Det er svært positivt med tanke på vekst. Måløy er ein historisk viktig stad for næringa, seier Leinebø.

Han fortel at han sjølv nærmast vaks opp i Måløy sidan han var her mykje i starten av yrkeslivet.

Fiskebåt er interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for den norske havfiskeflåten. Organisasjonen har hovudkontor i Ålesund og avdelingskontor i Tromsø og Haugesund.