I sitt framlegg til statsbudsjett sikrar regjeringa driftsmidlar til Måløyraidsenteret.

I budsjettet ligg det inne ei årleg løyving på 600.000 kroner til drift av senteret i Måløy, som etter planen skal opne i Heradsheim i 2016.

De 600.000 kronene er ein del av totalt 1,2 millionar kroner som Musea i Sogn og Fjordane kan få i driftstilskot.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) påpeikar at regjeringa held det ho tidlegare har lova av midlar til senteret.

– Det er svært gledeleg å slå fast at regjeringa no kjem med dei statlege midlane Måløyraidsenteret har søkt om, seier Lødemel i ei pressemelding, og legg til at det no skal være mogeleg å få senteret ferdig til 75-årsmarkeringa etter Måløyraidet neste år.

Hogne Bleie, nestleiar i Sogn og Fjordane Frp og lokalpolitikar i Vågsøy, er også svært glad for løyvinga.

Manglar framleis 800.000

Frp-politikaren påpeikar at det einaste som no manglar av midlar er ei eingongsløyving til investeringar på 800.000 frå fylkeskommunen.

Eit samrøystes fylkeskulturutval støtta nyleg denne løyvinga, men fleirtalet i Fylkesutvalet gjekk mot dette sist veke.

– Eg ventar no at Ap og Sp snur i denne saka og at også dei er med på denne siste og heilt avgjerande løyvinga når saka skal handsamast av fylkestinget neste veke, seier Bleie i pressemeldinga.