Forslaget i den nye nasjonale helseplanen om at akuttkirurgien ved Volda sjukehus kan bli lagt ned, har sett sinna i kok.
Foreslår å fjerne akuttkirurgien fra Volda
Tysdag kveld møtte rundt seks tusen personar opp med faklar for å slå ring rundt sjukehuset som mange i Nordfjord nyttar etter at dette tilbodet vart lagt ned i Nordfjord.
- Det bør vere umuleg å oversjå så mange tusen menneske si klare meining.
Dette sa overlege Rune Heggedal ved Volda sjukehus til Smp.no rett etter at fakkelopptoget og mange opprop var avslutta tysdag kveld.