For arkitektane Linda Lien og Hanna Hilt er det berre detaljplanlegginga som står att før dei kan seie seg ferdige med Måløyraidsenteret.

– Prosjektet har gjeve oss litt å tygge på, men det er ikkje ukjent problematikk vi har støtt på. Det har vore veldig kjekt så langt, og kjekkare blir det når ein ser at tankane og ideane våre tek form, fortel Hanna Hilt.

Omfattande materiale

Designet som Hilt og Lien, saman med ein grafisk designer, har kome fram til, er gjennomgåande for heile senteret.

– Enkelte stadar vil det vere bilete eller tekst som går utanfor denne stripa. Vi ønskjer å skape ei fin ramme for den gode historia som ligg i botnen, fortel Lien.

Nokre stadar vil deler av utstillinga vere trykt direkte på veggen, medan eit objekt fysisk står i rommet, til dømes ein radio.

I tillegg til tekst og bilete vil ein vise ulike filmklipp i underkant av 20 plassar i dei tre etasjane i Heradsheim-bygget, som Måløyraidsenteret vil nytte.

– Der finst mykje autentisk film, i tillegg til dokumentarar som er laga i etterkant av krigen, dette og alle dei andre objekta og materialet vil vi prøve å få fram på ein best mogleg måte til publikum, fortel Hilt.

Eit opplevingssenter

– Vi må planlegge kor dei ulike objekta og tekstane skal vere, lyssetting og fargar, forklarar Hilt.

Målet til initiativtakarane til Måløyraidsenteret, Terje Sølvberg og Helge Hjelle, er at senteret skal vere eit opplevings- senter framfor eit museum.

– Frå du går inn dørene her til du går ut att skal du ha blitt fortalt ei historie. Arkitektane vi har med oss har gjort ein veldig god jobb, seier Hjelle.

Måløyraidsenteret på nett

– Lars Kjølen har laga ei veldig flott nettside, som no er oppe og går, fortel Helge Hjelle.

Initiativtakarane ønskjer å nå ut til eit stort publikum ved hjelp av nettsida.

– Vi håpar å kunne oppdatere alle brukarane av sida om korleis det går og korleis prosjektet utviklar seg no framover, seier Hjelle.

I tillegg til nyhende om sjølve senteret kan brukarane av nettsida finne ut meir om kvar senteret ligg, korleis ein kjem seg dit og moglege transportmiddel ein kan nytte. Der er også ei eiga side for Måløyraidsenteret sine vener, samt moglegheiter for å kontakte stiftinga.