Malakoff Rockfestival er stemt fram som festivalen med det beste programmmet i år.

Det er nettstaden GAFFA som har arrangert det dei omtalar som ein uhøgtideleg, men likefullt viktig, kåring av sommarens beste festivalprogram.

På plassane bak Malakoff finn ein Tons Of Rock (9,26 prosent), Tysnesfest (8,28 prosent), Målrock (5,56 prosent) og Bergenfest (4,27 prosent).

Nettstaden melder også om at det er rekormange som har gitt si stemme i konkurransen.

– Det er kjempestas, rett og slett. Utruleg artig at så mange har stemt, og at det var Malakoff som stakk av med sigeren, sier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til GAFFA, og legg til:

– Vi har eit eneståande og lojalt publikum som veit å støtte opp om festivalen. Det set vi umåteleg pris på. I tillegg så må det no bety at folk set pris på årets lineup. Og når ein inviterer Iggy Pop, Yelawolf, Gojira, Gogol Bordello, Kvelertak, OnkelP & Slekta, Matoma ++ til ei lita vestlandsbygd, så er det lov å vere begeistra.

– Det er å lage #denbestefestivalopplevinga. Kvar julimånad vert den vesle og sjarmerande bygda Nordfjordeid transformert til ein yrande metropol for den festivalglade publikummar. På Malakoff får du oppleve ein strålandes lineup, iblanda ei unik triveleg og eventyrleg festivalstemning – både framfor scenene og på ein brusande festivalcamp. Vi skal jobbe ræva av oss for å kunne tilby dette til publikum også i år. Vi gler oss!, seier han til nettstaden.

Malakoff Rockfestival finn i år stad 21.-23. juli.