Formannskapet i Eid har i dag enstemmig sagt ja til intensjonsavtala med Gloppen kommune om ei samanslåing frå 2020.

Samtidig slår formannskapet fast at dei vil delta i vidare sonderingar med nabokommunane om Gloppen seier nei til ei samanslåing med Eid. Dei  slår og fast at ei samla Nordfjord-kommune vil vere den beste løysinga om ikkje Eid-Gloppen vert ein realitet.

Dette er vedtaket frå dagens formannskapsmøte i Eid kommune:

1. Kommunestyret i Eid godkjenner intensjonsavtalen mellom Eid og Gloppen slik den ligg føre, og seier ja til samanslåing av kommunane frå ‪01.01.2020.

Punkt 1 vart enstemmig vedteke.

2. Kommunestyret i Eid syner til det stadig meir omfattande interkommunale samarbeidet i Nordfjord. Kommunestyret meiner analysearbeidet i kommunereform-prosessen syner at større kommuner er ønskjeleg for å sikre gode tenester, sterke fagmiljø og god kommuneøkonomi i framtida - samt å utvikle Nordfjord vidare som felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Kommunestyret i Eid meiner ut frå dette at kommunesamanslåing i Nordfjord til ein eller fleire nye kommunar er ønskjeleg for å nå måla med kommunereformen. Den beste løysinga dersom det ikkje blir vedtak om kommunesamanslåing Eid/Gloppen vil vere at Nordfjord blir samla til ein kommune.

Punkt 2 vart vedteke med 7 (Venstre, Arbeiderpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti) mot 2 (Senterpartiet) stemmer.

Punkt 3 vart vedteke med 7 (Venstre, Arbeiderpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti) mot 2 (Senterpartiet) stemmer.

4. I påvente av evt. ny kommunestruktur i Nordfjord ønskjer kommunestyret at Nordfjordrådet styrkar samarbeidet i regionen gjennom å satse på regionsutvikling basert på ein fleirkjernestruktur, og meir forpliktande samarbeid enn i dag. Det må etablerast forpliktande avtalar og kontinuitet i drifta av regionrådet slik at det også er mogleg å koordinere det faglege samarbeidet betre enn i dag.

Punkt 4 vart vedteke med 7 (Venstre, Arbeiderpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti) mot 2 (Senterpartiet) stemmer.

5. Kommunestyret ser det som uakseptabelt at Eid kommune kan bli trekt i rammetilskot i 2017 etter å ha fatta eit positivt vedtak om kommunsamanslåing innan fristen ‪30. juni 2016. Det vil ha konsekvensar for tenestene i Eid som er stikk motsette av det som er målet med kommunereformen. Eid ber Fylkesmann, Regjering og Storting sikre at kommuner som fattar positive vedtak om kommunesamanslåing ikkje blir straffa i det nye inntektssystemet.

Punkt 5 vart enstemmig vedteke.

I Gloppen ønskte eit fleirtall av innbyggjarane som stemte i folkeavstemninga å halde fram som eiga kommune. Kommunestyret i Gloppen behandlar saka i morgon og innstillinga frå formannskapet er at dei seier nei til ei samanslåing med Eid.

I Vågsøy har kommunestyret i dag vedteke at dei er positive til å slå seg saman med andre kystkommuner og dei viser til folkeavrøystinga der eit fleirtall av røystene støtte ei kommune med Selje og Vanylven. Vedtaket var samrøystes.