– Ein må ha kunnskap for å gjere det beste ut av prosessen, seier sjukepleiar Henning Kvalheim etter å ha fullført eit studium om demensomsorg.

I alt har 37 personar i Vågsøy auka kompetansen sin på omsorg for demente. Tone Husevåg, tenesteleiar på fastlandet, og Anne Færestrand, konsulent i fagteamet, meiner det er eit satsingsområde.

Gått i gløymeboka

Henning Kvalheim og Laila Nyborg er to av dei som har fullført studiet. Dei fortel at ei større forståinga av brukarane er noko av det viktigaste dei tek med seg vidare.

F.v: Tone Husevåg (tenesteleiar fastlandet), Anne Færestrand (konsulent i fagteam), Henning Kvalheim og Laila Nyborg (kursdeltakarar) meiner demensomsorg er eit viktig satsingsområde.

– Det finnast ingen tablett å ta for demens, og eit mål for oss er å gjere slik at pasientane har det så godt som mogleg, understrekar Kvalheim. Nyborg seier at det også er fint å få ei oppfrisking på ting som gjerne har gått litt i gløymeboka.

Tidleg innsats

I løpet av studiet har deltakarane fått kunnskap om tema kring etikk, kommunikasjon og rettleiing. Dei har også lært om betydinga av tidleg innsats og kartlegging. Alle er einige om at det er viktig å fange opp hint tidleg. Husevåg fortel at dette også kan føre til at dei som er ramma kan bu heime lenger.

– Dette er ofte ynskjeleg for både den demente og dei pårørande, påpeiker ho.

Dei meiner at tidleg behandling også er positivt for institusjonane, med tanke på kapasitet og ressursar.

Naudsynt med kunnskap

Studiedeltakarane fortel at det gjekk fint å gjennomføre studiet ved sidan av jobb.

– Det er greitt å få augene opp, seier Kvalheim.

Effekt av musikk

Gjennom «Musikk i mine ører» ser tilsette på Kulatoppen omsorgssenter god effekt av å bruke musikk i demensomsorgen.

Helsefagarbeidar Marisol Eliassen fortel at det til no er seks brukarar som har vore med på prosjektet «musikk i mine ører».

– Vi bruker musikk som brukarane har høyrt på tidlegare. Dette framkallar minne frå den tida dei var i, seier Eliassen.

Linda Lågeide (t.v.) og Marisol Eliassen seier at det beste tipset til dei som manglar presangidéar er iPod og headset. – Vi skal ta oss av resten, smiler dei to.

Linda Lågeide er demenskoordinator ved Kulatoppen, og fortel at gevinstane ved å bruke musikk er mange.

– I tillegg til å framkalle kjensler, bidreg musikk også til at pasientar med demens blir meir til stades, fortel ho. Nokre mistar også språket, men song kan vere med på å lokke talen tilbake. – Mange har også historier knytt til songane, og dette legg til rette for dialog, seier Lågeide.

Fleire førespurnadar

Lågeide og Eliassen fortel om fleire episodar der brukarane både har sunge og dansa i takt, og dei seier at prosjektet har blitt svært populært.

– Fleire har tatt kontakt med oss og sagt at dei ynskjer at andre også skal få vere med på prosjektet, seier dei.