Kort etter norsk kapitulasjon våren 1940 fekk skipparen på M/K Schumann ordre om å melde seg i Måløy. Det vart starten på ei dramatisk flukt.

Mannskapet diskuterte om dei skulle gå rett til England, men dei mangla kart. På Måløy hamn låg frå før to norske marinefarty, utan mannskap. Schumann la til kai og bunkra.

– Eg hugsar at det stod ein mann på kaia og skreik at han var lensmann i Måløy og at vi no var tyske krigsfangar. Han sa at om vi prøvde å flykte, ville vi bli stilte for standrett og skotne. Marineoffiseren Jens Svendsen ropte tilbake: «Vi går til England. Vil du vere med?», fortel Paul Thorbjørn Jacobsen, som var maskinist om bord.

Dottera Turid Loewen var reisefylgje for sin aldrande far. Dei fekk kontakt både med Olav Sølvberg og tidlegare hamnefut Kristoffer Stokke i Måløy. Dermed var prosessen i gang for å nyste opp i ei uvanleg historie, ved at Turid skreiv ned Paul sine minne frå 1940. Jacobsen hadde reist til sjøs i fleire år, og 1. september 1939 fekk han og resten av mannskapet om bord i M/S Trafalgar, greie på at Tyskland hadde erklært Polen krig. Skipet var då rett sør for Kapp det Gode Håp på Grønland.

19. oktober vart Jacobsen innkalla til marinen, og i Horten vart mannskap til maskin og motor kvartert om bord i skuleskipet Christian Radich. Ein dag var karane oppstilte på kaia, og mannskap til panserskipa Eidsvoll og Norge teke ut.

Paul vart sendt til Bergen og kvartert på fregatten Kong Sverre. To dagar seinare var han om bord på Statsråd Lehmkuhl, og kort etter kom ordre om plassering på M/K Schumann, som låg ved Marineholmen. Mannskapet på fire bestod av Alf Amundsen frå Espevær, Jens E. Svendsen frå Risør, Plank frå Fredrikstad og Jacobsen frå Tromsø.

Oppgåva var å patruljere vestlandskysten og deretter rapportere til mineutleggaren Vale. 9. april fekk Paul ordre frå marineoffiser Svendsen at han skulle setje detonatorar i minene. Dette var ein heilt ny og risikofylt jobb for han. Paul hugsar arbeidet starta klokka tre om natta i lyset av ei lommelykt med blått papir framfor linsa. Ein sukkerbit vart plassert mellom eit stempel og ei opning for sjøvatn. Når sukkerbiten vart oppløyst, ville stempelet slå inn og mina detonere.

Utover i april og mai deltok Schumann, som var armert med ei kanon, i fleire operasjonar utan å verte påført skade. Nærast tragedie var dei truleg ved Balestrand. Etter fullført transportoppdrag av kanongranatar, kom tre tyske Junker 52-bombefly. Ei bombe eksploderte hundre meter frå Schumann, utan skade på folk.

Neste ordre var å gå til Bjordal, der torpedobåten Troll var bomba, for å hente døde og såra, før Schumann vart beordra tilbake til sin observasjonsposisjon. Og to dagar seinare kom meldinga om at Norge hadde kapitulert og at dei skulle melde seg i Måløy. Les vidare