Med ei omsetning på over 90 millionar kroner vart 2016 eit nytt toppår for Eid Elektro. Og også i år ser pila ut til å peike vidare oppover. Nyleg signerte dei eit nytt storprosjekt for kampflyindustrien.

– Dette er ei stor kontrakt og ein krevjande kunde, og eit spennande og utfordrande prosjekt for Eid Elektro, seier teknisk leiar Tore Hjelle.

Nytt rekordår

Med driftsinntekter på 90 millionar kroner vart 2015 nok eit rekordår for Eid Elektro. Resultat før skatt vart på 3,8 millionar kroner.

– Dette skuldast langsiktig jobbing, og at vi har lagt stein på stein. Sidan 2010 har vi dobla omsetninga vår, og har auka inntektene våre kvart år, seier dagleg leiar Ove Kjøllesdal og teknisk leiar Tore Hjelle.

– Vi legg vekt på å skape trygge og gode arbeidsplassar, inkludere dei tilsette og auke kompetansen deira. Det er dei tilsette som gjer at vi kan satse så sterkt, fastslår dei.

Aukar vidare

Eid Elektro-leiarane fortel at dei vil halde fram med gode tal i 2016, og kjem til å passere ei omsetning på 100 millionar kroner.

– Vi merkar ein tøffare marknad, og i fjor hadde vi også ombygging og påbygging. Det kostar å ekspandere, men vi har lagt til rette for den stramme marknaden vi såg ville kome. Tendensen held fram, med lågare marginar og beinhard konkurranse på pris, fortel dei. Firmaet har i dag 70 tilsette, fordelt på hovudkontoret på Nordfjordeid, avdelinga i Bergen, og montørbasane i Syvde og på Stadlandet.

– På Eid har vi tilsette frå alle kommunane rundt oss, i tillegg til tilsette som pendlar frå Sunnmøre, fortel dei, og legg til at dei også tek imot ungdom til lærlingplass.

– Vi er opptatt av å ta imot lærlingar. Elektrolinja ved Eid vidaregåande skule er viktig og gir oss god rekrutteringsmoglegheit, seier dei.