Bremanger kommune hadde inngått intensjonsavtale med Norsk Folkehjelp om utleige av Svelgen Bu- og servicesenter, men lågare flyktningestraum gjer at dei må finne annan bruk av det 4.000 m2 store bygget.

No rådar formannskapet kommunestyret å sette ned ei gruppe som kan sjå på moglegheitene for bruk av dette store bygget i Svelgen.

– Vi må sjå på heilskapen og kva som er fornuftig bruk. Det er eit svært bygg som kostar pengar. Enten må vi kvitte oss med det eller så må vi finne på noko, sa rådmann Tom Joensen til formannskapet.

Han er oppteken av at ein må gjere eit forarbeid i forhold til faktiske behov i samfunnet.

– Vi må sjå kva det eignar seg til i forhold til behova i bustadsituasjonen totalt sett i kommunen, ikkje berre i Svelgen, sa rådmannen som ser for seg at det vert sett ned ei gruppe som jobbar med å skissere bruk, med ein politikar som prosjektansvarleg.

– Det er dette som er politikk, sa rådmannen.

Saka skal opp i kommunestyret i Bremanger torsdag.