Rundt klokka 03.38 natt til fredag fekk politiet melding om at det var full brann på Selje Hotel i Selje

Får hjelp fra Kripos

Brannvesen og politi har rykt ut, og det blir arbeidd med å sløkkje brannen,

Hotellet er stengt og etter det politiet kjenner til så skal det ikkje ha vore folk i bygningen.

Se de sjokkerende bildene av Selje Hotel i full fyr

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Marianne Føleide seier til Fjordenes Tidende at det var vitne som oppdaga brannen, og som melde frå til politiet.

Mannskap frå Vågsøy og Vanylven brannvesen rykte også ut for å hjelpe Selje brann- og redningskorps med å få kontroll på brannen.

Ingen personar skal vere skadde.

To timar etter meldinga hadde brannvesenet framleis ikkje kontroll på brannen.

VIDEO: - Oppe i all elendigheten kan vi takke for at hotellet var stengt

I morgentimane fekk politiet kontroll, sjølv om det fremdeles brant enkelte stader i hotellet.

Totalt 37 personar i området er evakuert.

Til Fjordenes Tidende opplyser politiet at delar av bygget skal vere berga. Dette dreier seg blant anna om spa-avdelinga og resepsjonsbygget.

Romfløyen er blant delane av bygget som er tapt.

Les mer om hotellbrannen her: