– Vi hever eigedomsskatten for å halde hjula i gang så godt vi kan. Det er verdt det etter mi meining, sa Per Helge Eikeland (Ap) då han og resten av finansutvalet valde å sende eit budsjett med dobla bustadskatt til kommunestyret.

Eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader var skatten ingen ville innføre. Likevel måtte Bremanger innføre den i 2016, og i 2017 ser dei seg nøydde til å doble satsen.

– Auka vil kompensere bortfallet av dei 4,6 millionane vi skulle hatt i inntekter på kraftverk, seier rådmann Tom Joensen, som sukra skattepilla noko.

Botnfrådrag berre for fastbuande

Magne Kjerpeseth (Sp) foreslo også å auke inntektene ved å kutte botnfrådraget på bustadar for folk som ikkje bur i kommunen.

Administrasjonen sjekkar dei økonomiske konsekvensane av eit slikt grep før kommunestyremøtet 15. desember der 2017-budsjettet skal endeleg vedtakast.

Finansutvalet endra også ein post i investeringsbudsjettet der midlar til industriområdet i Breivika vart teke ut og erstatta med 500.000 til visingssenteret for krafthistoria ved Elkem.

Må gjere store kutt

Ingenting blei endra på kuttsida. Alle sektorar får kutt, dei største i helse og omsorg (5,2 mill), NAV (2,5 mill.), administrasjon (2,5 mill.) og oppvekst (2,4 mill).

Budsjettforslaget har vore ute på høyring, men kommunen har berre fått eitt tilsvar – frå Utdanningsforbundet – som påpeikar konsekvensane kutta vil få i organisasjonane.

– For det første er barnehagane skjerma. Og i tillegg har driftssjefane sjølve levert inn forslag på justering av rammetimane. Her er det ein grad av fleksibilitet som ein gjerne gløymer, svarte rådmannen, og poengterte at Bremanger bruker mykje pengar per elev.

– Vi bruker 60 prosent meir enn Eid, og 50 prosent meir enn landssnittet. Det er alltid vanskeleg å nedjusterte, men dette er inga katastrofe. Og det er heller ikkje det vi høyrer i tilbakemeldingane vi får.

Rosar dei tilsette

Åse Leirgulen (Ap) uttrykte beundring for alle dei tilsette som strekker seg for å berge økonomien.

– Eg er imponert over alle einingane som strekker seg for å klare dette. Heldigvis for oss politikarar, som då faktisk får ei moglegheit til å legge budsjett, seier Leirgulen som likevel stilte rådmannen spørsmål om ikkje sannsynet for sprekk er stort i eit så stramt budsjett.

– Ein sprekk har størst sjanse å kome innanfor rammene av lovfesta tenester. Dei kan vi ikkje velje vekk om ein situasjon skulle oppstå, sa han.

Åse Leirgulen meinte også at eit blikk på høgt sjukefråvær kunne hjelpe på økonomien.

– Vi har 205 millionar i lønskostnader. Å redusere sjukefråværet med ein prosent utgjer 2 millionar kroner, sa ho.

Vil få vekk Terra-gjelda

Men å skyve på inndekkinga av det akkumulerte Terra-underskotet var Joensen ikkje lysten på, for forutan meir bråk med Fylkesmannen, er det best å berre bli ferdig, meinte han.

– Vi har klart å gjennomføre mange tunge investeringar utan auka lånegjeld. No har vi jamn inndekking. Det blir tøft, eg veit ikkje om vi klarer det, men då blir vi ferdige. Det krev mykje krefter å gå i krigen gang på gang, ein blir matt av det.

Bremanger skal betale ca. 52 mill. kroner på underskotet i 2017 og 2018. Restbeløpet på 24 mill. kan dei dekke i 2019–2021.

Her er kuttlista i Bremanger:

Kuttlista i Bremanger

Helse/omsorg 5,2 mill.

NAV 2,5 mill.

Sentraladm. 2,5 mill.

Oppvekst 2,4 mill.

Teknisk plan/forvaltning 1,35 mill.

Teknisk drift 0,89 mill.

Kultur 0,8 mill.

Kyrkje 0,73 mill.