Statens vegvesen lovar at tilhøva på ferjesambandet Lote-Anda skal bli betre.

Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), etter møtet han hadde med ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), og Statens vegvesen.

Bjørlo reiste til møtet med eit håp om å få tilbake MF Lote på ferjesambandet Lote-Anda. Det får han ikkje.

MF Lote kjem ikkje tilbake på sambandet. Arkiv

– Eg er misfornøgd med at ein ikkje kan få tilbake MF Lote i dei 13 månadane, som det er til det skal kome nye ferjer på sambandet. Det meiner eg hadde vore den beste løysinga. Per no ligg ferja nær sagt som ei fjerde reserveferje på sambandet Molde-Vestnes, seier Bjørlo etter møtet på Sandane.

Tekniske problem

Møtet mellom Statens vegvesen og ordførarane i Eid og Gloppen kommunar kom i stand etter fleire problem på ferjestrekninga Lote-Anda. I løpet av ein kort periode har ferja vore innstilt grunna tekniske problem ved tre høve.

– Vi fekk lagt fram den situasjonen vi opplever i ytre og midtre Nordfjord. Dei er einige i at det har vore ein krevjande situasjon no i haust. Det dei seier er at dei jobbar for å få opp ein betre reservekapasitet i Nordfjord i 2017, fortel Bjørlo.

– Då trengst det ein samla betre reservekapasitet. Eg tolkar det slik at ein skal ha ei reserveferje liggande, som kan settast inn i trafikk om det oppstår problem. Vi må ta til etterretning at dei jobbar det dei kan for å finne ei løysing, seier ordføraren.

Må auke tilliten

Bjørlo understrekar at det i møtet vart lagt stor vekt på etterlysing av meir informasjon frå Statens vegvesen og Fjord1.

Ordførarane i Eid og Gloppen har lenge etterlyst eit møte med Statens vegvesen, men det var først denne veka at møtet kom i stand.

– Fjord1 har vore innanfor kontrakten om leveranse. Det er først no i dei siste vekene at ein har sett episodar som er brot på kontakta, seier han.

Lovar bot og betring

Frå 1. januar 2018 skal to nye ferjer trafikkere sambandet. Det er framleis Fjord1 som skal drifte ferjesambandet etter at dei vann konkurransen, som var den første ordinære konkurransen i Norge som har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

Fjord1 hadde det lågaste tilbodet på 826 millionar kroner. Dei andre to som la inn tilbod var selskapa Norled (1,12 milliardar kroner) og Boreal (1,4 milliardar kroner).

– Frå 1. januar 2018 vil det vere heilt nye tider for ferjesambandet. Då skal nye driftssikre ferjer inn og trafikkere Lote-Anda. Samstundes skal ein ha ein god reservekapasitet, seier Bjørlo.

Ferjene skal trafikkere Lote-Anda frå 2018–2027 med høve til å forlenge kontrakten eitt år.