– Kjølerør, kjølesystem, straum, dieselgeneratorar og intern kommunikasjon er på plass i gruva. Vi arbeider også med datakommunikasjonen ut i Europa, seier dagleg leiar ved Lefdal Mine Datacenter, Jørn Skaane.

Har sett opp mur

– Dette betyr at når det nærmar seg opning så vil vi kunne tilby ei løysing der kundane i for eksempel Tyskland ikkje merkar om senteret ligg i Frankfurt eller Lefdal. Kommunikasjonen går veldig raskt, forklarar han.

– Det er framleis mange enkeltelement som skal installerast og testast, seier Skaane.

Som ein del av bygginga har det kome opp ein høg betongmur med piggtråd øvst utanfor gruva langs riksveg 15.

– Dette er ein del av tryggingstiltaka våre, og ein del av mange barrierar på området for å stoppe uønskte gjester frå å kome inn. I tillegg er det eit godt tryggingstiltak i seg sjølv at datalagringssenteret ligg inne i fjellet, seier Skaane.

Utvidar før opning

Leiinga planlegg opning av datasenteret til våren.

– Undervegs i prosjektet valde vi å utvide kjølekapasiteten frå 15 til 45 megawatt, og vi har utført betydeleg meir grunnarbeid enn opphavleg planlagt, opplyser han.

– For det første har vi fått veldig god respons i marknaden. For det andre er det produktløysingar som gjer at vi treng meir kjølekapasitet. Og for det tredje vil det vere kostnadsdrivande om vi skal ta opp att arbeid på eit seinare tidspunkt, sa marknadsdirektør Mats Andersson i Lefdal Mine Datacenter til Fjordenes Tidende i august 2016.

Frå tidlegare er det klart at IBM blir ein av leigetakarane i datasenteret på Lefdal.