Medan sesongen for klosterbåten starta bra med gode passasjertal i april og mai, har det vore dramatisk i juni, ifølgje skipperen.

– Ja, det er eigentleg det. Vi ligg nær 400 passasjerar under det vi hadde på same tid i fjor. Det er mykje, seier Mortensen.

I fjor låg passasjertalet på klosterbåten i juni månad på 773, og for juni i år er talet nede i 402. Totalt viste passasjertala for april, mai og juni i fjor 1.076 passasjerar, og for i år er det 684.

Mortensen har vore skipper om bord i klosterbåten dei seks-sju siste åra. Han trur at det er fleire årsaker til dårlege tal.

– Eg trur vi kan skulde det meste på vêret, men også det at vi ikkje har hotell her er ein medverkande årsak, seier han om Selje Hotel som brann ned i november.

– Eg trur mange kvir seg for å dra til Selje på grunn av manglande hotell. Ein veit kanskje ikkje at det finst andre overnattingsmoglegheiter i Selje. For eit par dagar sidan prata eg med nokon som hadde forsøkt å ringe hotellet. Dei var ikkje klar over at det var nedbrent.

Vestkapp Båtservice, som driftar Klosterbåten, investerte i ny båt til førre sesong. 2016-sesongen hadde besøkstal i overkant av gjennomsnittet.

– Eg veit ikkje korleis det blir i år. Eg håpar det betrar seg gjennom sommaren og at vi overlever i år også.

Klosterbåten tek 30 personar og køyrer ein tur laurdag og søndag frå mai til midten av juni, samt frå midten av august til ut september. Og så køyrer båten to turar dagleg frå midten av juni til midten av august.

– I tillegg har vi ekstraturar og ein del transport og sightseeing der kundar ønskjer.

– Gjer de noko spesielt for å prøve å snu dette?

– Som skipper kan eg ikkje gjere anna enn å prate med folk, reklamere så godt vi kan og smile så godt vi kan, seier Mortensen.