– I år blir vi ferdige med sjølve klosteranlegget – alt som er nede på sletta i sjølve klosteret. Det står igjen litt av gjestehuset og det vi trur sjukehuset var. Sjølve klosterfirkanten blir vi ferdige med i år, seier Bjørn Jensen, som er prosjektleiar for skjøtsel- og konserveringsarbeidet på Selja.

Sunnivakyrkja og trappa

Under Seljumannamessa søndag nytta han sjansen til å oppdatere dei nær 200 frammøtte om statusen og arbeidet framover.

I tillegg skal ein restaurere trappa opp til Sunnivahola.

– Steintrappa er tradisjonell med heller som er lagt i trinn. Det var fint då det vart lagt før andre verdskrig, men naturkrefter med erosjon, vatn og frost har gjort at trinna har forskyvt seg.

– Å vere ferdige i denne samanheng betyr at vi har kome opp på eit vedlikehaldsnivå som vi skal prøve å halde på. Det norske språket trur eg er det einaste med ordet «skippertak». No skal vi prøve å halde eit jamt vedlikehald, smiler Jensen, som ser fram til å få torv på klostermurane igjen.

Regnfull messe

Sjølv med meldingar om regn til Seljumannamessa, dukka folk likevel opp på Selja.

– Messa var fantastisk! Det var flott preike, song og musikk. Og sjølv om det ikkje var ideelt vêr, så var det ikkje langt frå 200 personar som var på gudstenesta, seier Roald Halsør, leiar i Seljumannamessekomiteen.

Han skulle likevel ønske at det var fleire i lokalområdet som besøkte messa.

Neste år ventar markering av 950-årsjubileet for Selja som eige bispesete på Vestlandet. Halsør håpar på strålande vêr.

– I fjor var det forferdeleg og i år duskregn. No er regnkvoten brukt opp, smiler Halsør.