– Vi tok ut to laksar med harpun søndag. Vi har fått pukkellaksar på stong, og det er ein art vi ikkje ønskjer i elva, fortel leiar Per Ingvar Langeland i Eid elveeigarlag.

Pukkellaksen er kategorisert som ein framand art i Norge, og risikovurderinga er vurdert å vere høg. Så etter at fiskarar i Eidselva har fått pukkellaks på stong tidlegare denne fiskesesongen søkte elveeigarlaget Fylkesmannen om løyve til å ta ut pukkellaks.

– Pukkellaksen gyt på denne tida, og det var viktig for oss at den ikkje skale gyte i Eidselva, seier Langeland.

I tillegg til dei to laksane som dei fanga, såg dei to laksar til.

– Vi var gjennom store delar av elva med dykkar, og vi såg ikkje fleire, så vi får håpe det roar seg, fortel Langeland.

Han legg til at det ikkje er planar om fleire uttak av pukkellaks i næraste framtid.