Dette er ifølge Fjordabladet, som omtalte saka først, den beste sesongstarten sidan 2010.

– Vi har hatt ein veldig god start på sesongen med god oppgang av fisk og god vassføring i elva. Det har bidratt til dei resultata vi ser no, seier Dag Ståle Leivdal, som er leiar i Eid sportsfiskarlag, til Fjordenes Tidende.

– I Eidselva er vi avhengig av god vassføring og jamn oppgang. Det blir spennande og sjå kva juni månad resulterer i, legg Leivdal til.

– Vi har hatt fleire fiskarar fleire stadar i elva i sesongstarten. Jungeltelegrafen har nok formidla at fisken er bitevilllig. Det ser vi på kortsalet, som har vore bra så langt, fortel Leivdal.

Ifølge fangststatistikken i Eidselva er det til og med veke 25 fiska 85 laksar over sju kilo, 83 mellom tre og sju kilo og seks laksar under tre kilo.

– Det svingar litt frå år til år, men det er spennande at det er litt storleik på laksen. Vi håpar jo at dette kan føre til at interessa for fisking skal bli større, spesielt blant ungdom, som vi håpar å rekruttere fleire av, seier leiaren, som sjølv har vore på fire-fem turar og har landa fire laksar, der den største var litt over ti kilo.