Det kjem fram i ei pressemelding. Stortinget handsama ny mobbepolitikk i 2016. I samband med dette vedtok Stortinget i mai å be regjeringa om å komme attende til Stortinget med eit forslag om oppretting av lokale mobbeombod i kvart fylke. Regjeringa skulle også vurdere strukturen, ansvarsfordelinga, mandatet og arbeidsgjevaransvaret mellom mobbeomboda og elev- og lærlingomboda. Utdanningsdirektoratet (Udir) har sett på gjennomføringa i samråd med fylkeskommunane, Barneombodet og partane i utdanningssektoren.

– Det er viktig å gi tryggleik til dei borna, elevane og foreldra som opplever mobbing. Når vi no gjer ombodsordninga nasjonal, betyr det at fleire vil få den hjelpa dei treng i ein vanskeleg situasjon. Born og elever skal ikkje berre ha rett til ein mobbefri kvardag. Dei skal også ha rett til oppfølging og hjelp når dei vert utsette for mobbing, fortel ho vidare.

– Alle involverte i ei mobbesak kjenner på ei enorm byrde. No skal den bli lettare å bere og ein skal ikkje lenger trenge å kjempe åleine. Mobbeomboda skal gje støtte og rettleiing til born, elevar og foreldre i saker som gjeld det psykososiale skulemiljøet og særleg mobbing. Dei skal førebygge og gje informasjon, samtidig som dei skal sikre god oppfølging etter at sakene er handtert. Omboda vil også være viktige for å dokumentere mobbing på skulane og bidra med erfaringar, seier Gunhild Berge Stang (V).

– Frå før har vi alt sett i gang mange omfattande tiltak mot mobbing. Vi har sytt for ei mobbelov som gir økonomisk straff til skuler og skuleeigarar som ikkje føl opp mobbing, vi aukar kompetansen til fleire hundre skular og barnehagar og vi syt for fleire antimobbeprogram i skulen, særleg retta mot mobbing på nett, Lars-Svein Drabløs (FrP).

– Ordninga skal finansierast som eit spleiselag mellom fylkeskommunane og staten. Det ligg fire millionar friske kroner i statsbudsjettet for å dekke innføringa av mobbeomboda frå hausten 2018, fortel han vidare.