– Det gjekk kjempebra, og vi har fått utelukkande positive tilbakemeldingar frå dei som var der. Det var ei utruleg flott oppleving og eg trur folk sat att med mykje informasjon, seier Ragne Larsen.

– På kurset kom det folk frå barne- og ungdomsskular, PPT, ASVO og det folk frå heile Nordfjord. I tillegg kom det ein god del foreldre. Folk frå Vågsøy møtte mannsterke, og det er eg veldig glad for, fortel Larsen.

Fekk eit innblikk

På kurset snakka Larsen om korleis kvardagen kan vere.

– Eg håpar eg klarte å gje eit bilete av ein kvardag som er krevjande, men fullt leveleg. Vi har fått eit liv som er annleis, men det er opp til ein sjølv korleis ein taklar det. I tillegg hadde eg fokus på søsken. Midt opp i alt vi held på med må vi ikkje gløyme at dei har rett og krav på eit like normalt liv som andre, så langt det er mogleg. Eg snakka og om skulevegring, sidan det kan vere ein konsekvens ved utfordrande adferd der ein ikkje får rett hjelp.

Initiativtakaren hadde også med seg Unni Sagstad frå Regionalt kompetansesenter for autisme, ADHD, Tourette og narkolepsi i Bergen og Oskar Daniel Kvien frå Volda som har Autismespekterfortyrring (ASF).

– Eg vil trekke fram Oskar Daniel som ein flott formidlar. Han er ei fantastisk stemme for oss som skal prøve å forstå desse ungane. Han snakka om kva som trigga han, kva som gjorde det vanskeleg for han og kva som var løysinga for han.

– Folk vil lære

For Larsen er det viktig å understreke at dei hadde hatt kurset sjølv om det var 50 påmelde.

– Det at det kom 300 var ein bonus, men det viser også at vi har ei utfordring og at folk vil lære. Vi har ikkje kome med ei løysing, men vi har tatt initiativ til at vi må prate om desse tinga. Eg er rimeleg sikker på at det ikkje er siste gongen eg gjer noko slik, stadfestar ho.