– Eg vil lage appen for å gjere det enklare å få ut informasjon. Det var faktisk eit innlegg på Facebook-gruppa Vind på Måløybrua som starta det heile. Der var det ein som etterlyste ein slik app, så då heiv eg meg rundt, seier Fløysand Kvalheim, som er frå Måløy.

Overraska over at han er først

Appen vil rapportere vinden på same måte som målarane som står i kvar ende av brua.

– Den fungerer slik at vi hentar ut data frå Statens vegvesen sin målar midt på brua, og så viser vi det i appen. Eg har søkt vegvesenet om tilgang til målingane og har fått det, seier Fløysand Kvalheim.

17-åringen, som er IKT-lærling, er overraska over at ingen har utvikla ein slik app tidlegare.

Engasjementet for vinden på Måløybrua er sterkt. Facebook-gruppa Vind på Måløybrua, der medlemmane oppdaterer kvarandre på vindstyrken, har i dag over 3.100 medlemmer.

– Det viser at appen har godt potensial, seier 17-åringen.

Inngår samarbeid

No har Fløysand Kvalheim og Fjordenes Tidende inngått eit samarbeid som gjer at vindmålingane frå appen også vil bli tilgjengeleg på Fjordenes Tidende sine nettsider.

– Vindstyrken på Måløybrua er noko alle har eit forhold til, seier marknadssjef Rune Henden i Fjordenes Tidende.

Fløysand Kvalheim starta tidlegare denne veka ei innsamling på nettstaden Spleis for å realisere planane om appen.

– No har Fjordenes Tidende gått inn med det naudsynte midlane for å gjere appen til ein realitet, så då vil naturlegvis dei som allereie har betalt inn til innsamlingsaksjonen få att pengane sine, understrekar Fløysand Kvalheim.