Fem sju­ke­plei­a­rar på Stad mei­ner både byg­da, næ­rings­li­vet og det hel­se­fag­le­ge mil­jø­et vil tape stort om le­ge­kon­to­ret blir lagt ned per­ma­nent.

Dei fem sju­ke­plei­a­rar i hei­me­sju­ke­plei­en på Stad tek no bla­det frå mun­nen for å min­ne po­li­ti­ka­ra­ne på be­ty­din­ga av le­ge­kon­to­ret.

– Alle po­li­tis­ke par­ti had­de to le­ge­kon­tor i sitt par­ti­prog­ram. Be­ty­din­ga har blitt for­ster­ka dei ve­ke­ne vi no har vore utan, sei­er dei fem, som pre­si­se­rer at dei står sam­la om den­ne saka.

Trivst i job­ba­ne

Alle fem mei­ner Sel­je kom­mu­ne er ein god ar­beids­gje­var.

– Vi trivst vel­dig godt i job­ben, både i sone nord og sør, sei­er Ragn­hild Sjå­stad. Men dei kla­rer ik­kje å stå på si­de­lin­ja og sjå at nok eit til­bod for­svinn. Det vil få ne­ga­ti­ve kon­se­kven­sar, mei­ner dei.

– Det blir ar­gu­men­tert med at sam­ling styr­ker fagmilljøet i Sel­je. Men vi som job­bar her på Stad vil jo tape vårt fag­mil­jø, sei­er Jør­gi­ne Dals­bø. For det er på le­ge­kon­to­ret lo­kalt at hei­me­sju­ke­plei­a­ra­ne får sin fag­le­ge di­a­log og gjen­si­dig hjelp og støt­te.

– Folk skal no bu lengst mu­leg hei­me. Det krev nært sa­mar­beid mel­lom fag­grup­pe­ne. All kom­mu­ni­ka­sjon kan ik­kje skje per e-post el­ler te­le­fon.

Ute i byg­de­ne

Hei­me­sju­ke­plei­en er også ofte ute i byg­de­ne og tek blod­prø­ver og and­re prø­ver som dei le­ve­rer doktorkontoret.

– Det­te gjer vi for­di man­ge eld­re og sju­ke har prob­lem med å for­flyt­te seg. Og no legg sam­hand­lings­re­for­ma opp til ei auke i net­topp prø­ve­ta­king i hei­men, sei­er Han­ne Tei­ge.

La­bo­ra­to­rie­ar­bei­det må så ut­fø­rast av kyndig per­so­nell på eig­na stad.

– Det­te har vi ver­ken tid el­ler kom­pe­tan­se til. Vi kan hel­ler ik­kje køy­re heilt til Sel­je med blod­prø­ver frå dei ytterste vi­ke­ne. Prø­ve­ne må vere le­vert in­nan to ti­mar, sei­er ho.

Anne Lise Dra­ge hug­sar dr. Lexner som i lo­kal­avi­sa i 2012 på­peik­te den dår­leg sam­funns­øko­no­mi­en i det å tvin­ge alle sju­ke og eld­re på Stad til Sel­je i sta­den for at ein lege rei­ser andre vegen.

Sa­man med kol­le­ga­e­ne ma­nar ho til bruk av for­nuft:

– La oss ilag snu fråflyttings-tren­den. Star­ten kan vere å behalde le­ge­kon­toret på Stad. Eit viktig signal til dei unge.