– Å stå på scena fristar absolutt til meir. Absolutt, absolutt, absolutt, seier Aksel Hauge Vedvik (12).

Det var i slutten av august at Aksel frå Bremanger fekk oppfylt sin store draum – å stå på ei stor scene og framføre sin eigen song.

Ein halv månad seinare mimrar 12-åringen tilbake til MGPjr-tida med stor glede.

– Det har vore veldig mykje merksemd i ettertid, men det har vore veldig kjekt altså, fortel han.

Har nye låtar klare

Med songen Ingenting å tape sjarmerte Aksel det norske publikum, som stemte fram 12-åringen til superfinalen og topp fire i MGP jr., ein musikk-konkurranse som blei direktesendt på NRK, kor deltakarane framførte kvar sin song for eit fullsett Oslo Spektrum.

– Eg lagar nye låtar. Så langt har eg vel laga sånn 4–5 nye songar, avslører Aksel.

Dei nye songane er i same bane som det ein hørte med låten Ingenting å tape.

– Musikken er det viktigaste, for ein må ha ein kul melodi, rytme og beat om ein skal rappe, forklarar han.

Første låten på ei plate

Aksel, som går i åttande klasse ved Hauge skule i Bremanger, har ein stor draum om å bli artist. Bidraget hans er med på MGP jr. si samleplate, noko som er stort for 12-åringen.

– Det er ganske spesielt å få songen med på ei CD-plate, og det har vore ein draum lenge.

–Kva blir planen framover med musikken?

– Eg skal lage masse musikk, og kanskje prøve å få møte litt produsentar. Eg er jo mykje meir gira etter MGP jr.

Etter songkonkurransen har han stått på ei scene, men tanken er å få gjeste store scener når han blir eldre. Då er det godt å ha MGP-erfaringane med seg.

– Eg lærte mykje om vennskap i konkurransen, og mykje om musikk. Korleis det er å jobbe i noko så stort. Det fristar absolutt til meir, konkluderer han.

12-åringen sanka inn ein rekkje stemmer, og kom dermed heilt til superfinala i konkurransen. Det set Aksel stor pris på.

– Eg skjønner ikkje at eg var så flink at folk stemte så mykje. Samstundes er det flott at dei tykkjer eg var så flink at dei stemte på meg.