Staten gjorde alt dei kunne for å få stoppa ankesaka om kraftlinja i Sørdalen naturreservat førre veke, men nådde ikkje fram.

– Regjeringsadvokaten køyrde eit knallhardt løp for å få saka avvist, men Borgarting skar til slutt gjennom, og bestemte at saka skulle gå som planlagt, seier grunneigar Lars Endre Myklebust, som fortel at dei hadde løpande kontakt med advokatane frå fredag fram til dei måndag ettermiddag fekk vite at saka skulle gå.

Ny forskrift

Bakgrunnen for dramatikken var dei nye forskriftene for naturreservatet i Sørdalen som regjeringa vedtok førre fredag – berre tre dagar før fastsett ankesak om Sørdalen.

Forskriftsendringane gjer at staten no kan legge den 40 meter breie kraftlinja gjennom dalen som i 1999 fekk den strengaste forma for vern ein har i Norge.

Myklebust trur ikkje på Miljø- og klimadepartementet når dei seier at tidspunktet for forskriftsendringa var tilfeldig.

– Det reagerer eg ganske ganske kraftig på. Regjeringsadvokaten sendte begjæring til Borgarting berre timar etter endringa var gjort. Vi hadde venta at dei ville bruke det som argument for avvising, men ikkje at dei venta heilt til siste mulege statsråd med endringa.

Kan framleis bli avvist

Det er likevel framleis ein sjanse for at saka kan bli avvist.

– Det at dei bestemte seg for å gjennomføre og saka si prinspielle karakter, talar for at det ikkje skjer, men lagmannsretten har likevel mulegheita til å kome til den avgjerda at saka ikkje har rettsleg interesse, seier Knut Arild Elde, partsvitne for grunneigarlaget i retten og bror til ein av grunneigarane.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende