Politiet har god tru på at dei skal finne årsaka til at det tok til å brenne i dette huset på Nygård i Deknepollen i Vågsøy for litt over ei veke sidan.

Politiet og ein brannteknikar frå Sogn og Fjordane Energi var inne i huset tysdag i denne veka for å gjere tekniske undersøkinga.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier dei har ein klar teori om kva som har skjedd.

Dei er sikre på at brannen har starta i stova i hovudetasjen i området rundt peisen.

Hvattum vil ikkje gå ut med den direkte brannårsaka som politiet har etter undersøkingane.

- Vi skal gjennomføre nokre avhøyr til før vi kan konkludere. Før vi har gjort det ynskjer vi ikkje å seie så mykje meir om årsaka. Vi håpar å kunne gå ut med det ut i neste veke, seier Hvattum.

Det var huseigaren som sjølv melde frå om brannen. Han var utanfor huset å jobba då han oppdaga at det brann inne.

Bustadhuset har fått store røykskader innvendig, og det er usikkert kva som vil skje med det.

Det var etter det Fjordenes Tidende fått opplyst ikkje folk inne i huset. Ingen personar vart skadde.

Politiet var rakst på staden etter at brannen vart meldt.