Den mest leste saka på fjt.no denne veka var saka om bustadbrannen i Vågsøy.

Det var onsdag føremiddag at det tok til å brenne i eit bustadhus i Nygårdssvingane i Deknepollen i Vågsøy. Det var ingen personskader og huseigar melde sjølv frå om brannen. Brannvesenet var på plass bare få minutt etter at meldinga om brannen kom. Huset har fått store røykskader. Les meir om saka her.

Ei anna populær sak var butikkopninga på Bryggja, som blei feira med korpsmusikk, kaffi og kaker. Hundrevis av menneske strøymde til opninga av Bunnpris-butikken i bygda. Her kan du lese om den populære butikken.

Den tredje mest leste saka var saka om ei trafikkulykke i Vanylven, der tre bilar og fem personar var involvert. Førarane av dei to bilane som frontkolliderte blei sendt til Ålesund sjukehus med luftambulanse, og dei tre andre personane var innom lege for kontroll.

Ei anna sak som pirra fjt.no sine lesarar var Ragnar Torseth som måndag kom til kai i Måløy etter å ha runda Stad på roturen Norge-Shetland.

- Det vart ikkje så altfor fælt vêr rundt Stad, men det er aldri noko spøk å ro rundt der, sa han.

Saka kan du lese her.

Følgjande saker blei også godt lest denne veka:

To til sjukehus med luftambulanse

På vei hjem med storfangst

Beklagar at "dødsannonsen" vart publisert